Nattverd ('aftanmål') eller eukaristi (gr. ευχαριστω, ‘gjeva takkseiing’) er ei kristen liturgisk handling basert på Jesu Kristi siste måltid med disiplane føre krossfestinga. Nattverden blir òg kalla kommunion (lat. «communio», ‘fellesskap’).

Nattverdselementa, brød og vin.

Nattverden minnar om det siste påskemåltidet Jesus hadde med disiplane sine, då Jesus rituelt vigde brødet og vinen som dei matvarene under måltidet som skulle minne om han. Men den teologiske forståinga av nattverden har variert gjennom tidene, og har mellom anna blitt gitt eit utvida innhald ved å ha vore knytt til krossfestinga av Jesus på eit relativt konkret vis. I vår tid kan synet på nattverden variere mykje frå kyrkjesamfunn til kyrkjesamfunn, sjølv om dei fleste kristne er samde om at nattverden inneber at Jesus er til stades på ein særskild måte for dei som tek del i ritualet.

Opphav endre

Bakgrunn endre

I jødedommen er det skikk å innleie kveldsmåltid på heilagdagar som pesah (opphavet til den kristne påska), sjabu‘ót (opphavet til den kristne pinsa) med kiddúsj — signingar av vinen og høgtidsdagen lesne over eit glas vin, etterfølgt av handvask med signing, og deretter ei signing sagt over brød. Denne skikken var veletablert allereie på Jesu tid. Når ein samla seg til høgtidsmåltid i det gamle Israel, signa ein soleis alltid vinen og brødet.

Innstifting endre

For meir om dette emnet, sjå Den siste nattverden.
 
Det siste påskemåltidet på ei italiensk freske frå rundt 1100.
 
Ei jente får sin første nattverd.
 
Nattverden av Leonardo da Vinci
 
Ein katolsk prest som gjev nattverd, måla av Francisco Goya.

Dei tre synoptiske evangelia (Matteusevangeliet, Markusevangeliet og Lukasevangeliet) skildrar Jesu siste måltid saman med disiplane på skjærtorsdag. Jesus gav brød til disiplane og sa «...dette er min lekam...». Deretter gav han dei vin og sa «...dette er mitt blod...». Orda hans vart avslutta med «...gjer dette til minne om meg». Det er denne siste setninga som er basis for at dei aller fleste kyrkjer gjev nattverden ein framståande plass i gudsdyrkinga.

Teologi endre

Kvar enkelt kristen tradisjon har si eiga forståing av innhaldet og tydinga til nattverden. Medan mange forståingar overlappar kvarandre — mellom den katolske og den ortodokse står striden først og fremst om ein skal bruke syra eller usyra brød — finst det òg større skilnader mellom ulike syn. Dei teologiske syna på nattverden er i stor grad også knytte til andre viktige teologiske spørsmål, som til dømes læra om fritak frå skuld og spørsmålet om kristen eining.

Katolsk nattverdsteologi endre

I den katolske kyrkja er nattverden eit av de sju sakramenta. Desse blir rekna som hjelpemiddel i ei utvikling mot sameining med Gud, og saman med dåpen blir nattverd sett på som det viktigaste av sakramenta. Handlinga blir sett på som eit offermåltid, men det er ikkje snakk om å «gjenta» offeret av Jesus på krossen. I staden skal offeret gjerast nærverande for dei kristne i brød og vin.

Trua på realpresensen, det at brød og vin faktisk blir til Kristi lekam og blod, er sentral i katolsk nattverdsforståing. Elementa i nattverden ser fortsatt ut som, smaker som og luktar som brød og vin, men substansen deira er endra. Denne læra, som blir kalla transsubstansiasjonslæra, er dogmatisk definert. Fordi det ikkje er mogleg å forstå fullt ut kva som eigentleg skjer, blir forvandlinga òg omtala som «Truas mysterium».

Forvandlinga blir sett på som vedvarande, det vil seia at elementa held fram med å vere Kristi lekam og blod. Tilstanden vil først bli oppheva dersom elementa ikkje lenger kan kjennast som brød og vin, til dømes når brødet er smuldra opp eller vinen er surna og blitt til eddik. Forvandla (konsekrert) brød blir difor teke vare på i ein spesiell behaldar, eit tabernakel, og blir tilbede og vist ærefrykt, til dømes ved at ein kneler for det når ein kjem inn i ei kyrkje. Om ein del av elementa blir sølt, må ein straks syte for at dei ikkje blir vanhelga.

Det er strenge reglar rundt feiringa av nattverd. Han kan berre skje i ei messe forretta av ein ordinert prest eller biskop. Elementa må vera alkoholhaldig druevin og brød av kveitemjøl. Brødet skal helst vere usyra, men ein kan òg nytta syra brød om dei trengst. Berre katolikkar og dei som høyrer til kyrkjer med tilnærma lik nattverdsteologi (til dømes ortodokse kristne) kan motta nattverden i katolske messer.

Ortodoks nattverdsteologi endre

I den ortodokse kyrkja er nattverden òg eit sakrament og eit offermåltid. Han blir sett på som ein forløpar for den endelege unionen med Gud (theosis). Forståinga av realpresens og andre sider ved nattverden liknar det katolske synet.

Nattverden kan berre feirast i den guddommelege liturgien av ein ordinert prest eller biskop. Normalt kan berre ortodokse kristne ta imot dette sakramentet, men katolikkar utan kyrkje i nærleiken kan i nokre tilfelle få nattverden.

Ortodoks teologi legg mindre vekt enn katolsk på å forklara kva det er som skjer ved forvandlinga av elementa, men konstaterer at det skjer. Nokre ortodokse teologar aksepterer transsubstansiasjon som forklaring, men dette er ikkje universelt akseptert.

Protestantisk nattverdsteologi endre

Dei ulike protestantiske kyrkjene har svært ulik nattverdsteologi. Lutherske kyrkjer lærer ikkje at brød og vin vert endra, men at noko nytt kjem til på mirakuløst vis: elementa vert konsentrerte i kraft av Kristi verkekraftige innstiftingsord. Kristus er verkeleg og fysisk tilstades i, med, og under brødet og vinen. I luthersk doktrine har dette etter Luther til tider vorte kalla konsubstansiasjon: dei to substansane eksisterer side ved side. Luthersk tradisjon har visse offeraspekt i nattverdsforståinga, men avviser tankegangen om at presten utfører ein meritorisk offergjerning som i katolsk og ortodoks teologi.

Jeg troer, at jeg i Kalk og Disk
Hans Blod og Legem nyder,
At jeg i Hiertet bliver frisk,
Naar hand sig selv frembyder.
Vill en Calviin staa der imod?
Min Tro staar derfor lige god,
Hvad skiøtter jeg hans Grille?
Giv hannem kon det bare Brød,
Giv mig i Brødet JEsu Kiød,
Saa faar enhver sin Ville.

Petter Dass (1698) gjer greie for det lutherske nattverdsynet i ein av sine katekismesongar

Andre kristne, som reformerte og ei rekkje frikyrkjelege samfunn, avviser den lutherske nattverdsteologien. Reformatoren Calvin hadde eit dualistisk syn på nattverden; nattverdsgjesten tek imot brød og vin i det ytre, men gjennom handlinga verkar Den heilage anden som fornyar den andelege styrken til den truande. Calvin avviste tanken om at Kristus var fysisk tilstades i brødet og vinen. Enkelte andre kyrkjesamfunn avviser òg det kalvinske synet, og legg ei rein symbolsk tolking til grunn for sin nattverdsteologi.

Liturgi endre

Nattverden utgjer ein vesentleg del av høgmessa, og det vert feira nattverd ved meir enn halvparten av alle sundagsgudstenester i Den norske kyrkja. Etter gjeldande liturgi har nattverdsfeiringa følgjande ledd:[1]

  • Salme før nattverden
  • Lovprising og Herrens innsetjingsord. Kyrkjelyden reiser seg og vert ståande under veksellesinga:
  • Nattverdmåltidet - anten ved at nattverdgjestene knelar rundt altarringen og et brød og drikk vin, eller ved at dei går fram til alteret og dyppar brødet i vinen før dei et det. Ved utdelinga syng kyrkjelyd og kor salmar, eller det vert framført song og musikk. Sidan nattverdutdelinga kan ta ein del tid, er det skrive mange nattverdssalmar, nokre med mange vers.
    Utdelingsorda lyder: «Dette er Jesu lekam». «Dette er Jesu blod».
  • Takkebøn for nattverden.

Kjelder endre

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Nattverd