Dominic Howard
Dominic James Howard (fødd 7. desember 1977 i Stockport) er ein engelsk musikar best kjend som trommeslagar, perkusjonist og medprodusent for det alternative rockebandet Muse.
Dominic Howard | |||
| |||
Fødd | 7. desember 1977 Stockport i England | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Stockport | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1994-no | ||
Sjanger | Alternativ rock, new prog, elektronisk rock, symfonisk rock | ||
Instrument | Trommer | ||
Tilknytte artistar | Muse | ||
Plateselskap | Warner Bros., Mushroom, East West, Helium 3, Taste | ||
Verka som | musikar, multiinstrumentalist | ||
Prisar | Honorary Doctor of Arts |
Oppvekst
endreHoward vart fødd i Stockport, Greater Manchester, England. Då han var rundt 8 år gammal flytta han med familien til Teignmouth, ein liten by i Devon. Han byrja å spela trommar i 12 års-alderen, då han blei inspirert av eit jazzband som hadde opptrett på skulen.
Carnage Mayhem var det fyrste bandet til Howard, som han spelte i mens han gjekk på skulen. Der blei han ven med Matthew Bellamy, som spelte gitar, men ikkje hadde eit stabilt band. Han blei med i Howard sitt band, og etter 2 år foreslo Bellamy at dei kunne skrive sine eigne songar. Berre Bellamy og Howard blei verande, og dei inviterte Chris Wolstenholme med i bandet. I dei fyrste månadene av 1994 blei Gothic Plague til, etterfylgt av Rocket Baby Dolls og til slutt Muse. Howard er ein venstrehendt trommeslagar. Han har òg tromma i Vicky Cryer med Jason Hill frå Louis XIV.
Privatliv
endreI 2004 kom Howard sin far, William Howard, for å sjå Muse opptre på Glastonbury Festival. William døydde av eit hjarteinfarkt like etter showet var ferdig, og bandet avlyste fleire show i Italia-turneen og på Roskilde Festival. I ein spørsmålsrunde der Howard og Bellamy svara på spørsmål frå fansen, uttalte Howard at kjendisen han hadde mest lyst til å møta var Jimi Hendrix. Han hadde ein hund med namn Hendrix.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dominic Howard» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juli 2015.