Elektronisk rock
Elektronisk rock er ein musikksjanger som omfattar ein kombinasjon av rock og elektronisk musikk, med instrument som ein typisk finn innanfor begge sjangrane. Stilen oppstod seint i 1960-åra, då rockeband som The United States of America, White Noise og Gong byrja å nytte elektroniske instrument i rocken sin.[2] Andre artistar som var tidleg ute med å blande synthesizerar og musique concrète-teknikkar med rockeinstrumentering var mellom andre Silver Apples, Fifty Foot Hose, Syrinx, Lothar and the Hand People, Beaver & Krause og Tonto's Expanding Head Band.[3]
Elektronisk rock | |||
Andre namn | Synthrock | ||
---|---|---|---|
Stilmessig opphav | |||
Kulturelt opphav | Seint i 1960-åra | ||
Typiske instrument | |||
Undersjangrar | |||
Andre emne | |||
I 1970-åra dukka tyske «krautrock-band» som Neu!, Kraftwerk, Can og Ash Ra Tempel opp og utforska grensene til rocken ved å bruke elektroniske instrument.[4] Sidan seint i 2000-åra har elektronisk rock vorte stadig meir populært.[5] Elektroniske rockeartistar blandar vanlegvis element frå andre musikkstilar, som punkrock, industriell rock, hip hop, techno og synth-pop, som har skapt ei rekkje undersjangrar som indietronica, dance-punk og electroclash.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Elektronisk rock» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juli 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Electronic Rock : On the History of Rock Music». Henta 25. juli 2020.
- ↑ Reynolds, Simon. «King of the Cosmos». The Observer. Henta 25. juli 2020.
- ↑ Reynolds, Simon. «Synthedelia: Psychedelic Electronic Music in the 1960-åra». Red Bull Music Academy. Henta 25. juli 2020.
- ↑ Demby, Eric. «OLD NEU! Albums Finally Coming Stateside». MTV News. Henta 25. juli 2020.
- ↑ Kearney, Mary Celeste (13. juli 2017). «Gender and Rock». Oxford University Press. Henta 25. juli 2020 – via Google Books.