Don't Leave Me Now

song av Pink Floyd
Don't Leave Me Now
Song av Pink Floyd
frå albumet The Wall
Språk engelsk
Utgjeve 30. november 1979
Innspelt April-november 1979
Sjanger Progressiv rock
Lengd 4:16
Selskap Harvest Records (UK), Columbia Records (US)/Capitol Records (US)
Komponist Roger Waters
Tekstforfattar Roger Waters
Låtskrivar(ar) Roger Waters
Produsent Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters

Don't Leave Me Now er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters. Songen vart gjeven ut på albumet The Wall i 1979.

Komposisjon endre

Songen er delt inn i to hovuddelar. Den første delen er dempa og roleg, med ein ganske kynisk tekst. Den andre delen inneheld ei langvarig og kjenslemessig bøn, og er ikkje så dempa og roleg.

Tekst endre

Som dei andre songane på The Wall fortel «Don’t Leave Me Now» historia om hovudrolla Pink. I denne songen prøver Pink å takle utruskapen til kona si, men feilar. Han legg skulda på ho for at han har det vondt.

Filmversjon endre

Pink ligg i symjebassenget sitt og kuttet frå handa hans fyller det med blod. Han ser kona si ha eit forhold. Ein kan så sjå han i eit avlangt, firkanta hotellrom der skuggen til kona dukkar opp på veggen, men skuggen vert gradvis forvandla til ein gigantisk knelar som jagar Pink rundt i rommet.

Medverkande endre

Personell per Fitch og Mahon.[1]

Kjelder endre

  1. Fitch, Vernon and Mahon, Richard, Comfortably Numb — A History of The Wall 1978–1981, 2006, s. 87.