Opna hovudmenyen

Bob Ezrin

kanadisk musikkprodusent

Robert Alan «Bob» Ezrin (fødd 25. mars 1949) er ein kanadisk plateprodusent, kjend for arbeidet sitt med artistar som Alice Cooper, Kiss og Pink Floyd. Han vart innlemma i Canadian Music Hall of Fame i 2004.

Bob Ezrin
Bob-Ezrin.jpg
Fødd25. mars 1949
FødestadToronto
FødenamnRobert Alan Ezrin
OpphavToronto i Ontario i Canada
Aktiv1970 til i dag
SjangerRock
Instrumenttrommesett
Tilknytte artistarAlice Cooper, Kiss, Pink Floyd
Verka somPlateprodusent
Gift medArlene Sarner
PrisarCanadian Music Hall of Fame, Canada’s Walk of Fame

Innhaldsliste

BiografiEndra

Ezrin vart fødd i Toronto. I karrieren sin har han arbeidd med artistar som Alice Cooper, KISS, Pink Floyd, Lou Reed, Hanoi Rocks, Roberta Flack, Peter Gabriel, Dr. John, Nils Lofgren, Kansas, Rod Stewart, Berlin, Nine Inch Nails, The Jayhawks, 30 Seconds to Mars, The Darkness, Jane's Addiction, Julian Lennon, Deep Purple og The Deftones og mange fleire.

Alice Cooper skildra Ezrin som «vår George Martin» og definerte stilen til bandet på det første albumet hans som produsent, Love it to Death i 1971. Ezrin produserte òg Billion Dollar Babies i 1973 som gjekk heilt til topps på albumlista og gjorde Alice Cooper til ein verdskjend artist.

Ezrin produserte det bestseljande albumet til KISS, Destroyer, i 1976. Seinare produserte to album til av bandet.

Ezrin har arbeidd med Pink Floyd ved fleire høve og har vore medprodusent på The Wall, A Momentary Lapse of Reason og The Division Bell. Han har òg vore medlåtskrivar på fleire av songane deira, «The Trial», «Signs of Life», «Learning to Fly» og «Take It Back».

Album produserte av EzrinEndra

  • The Babys
    • The Babys - (1977) (medprodusent med Brian Christian)
  • Filmmusikk
    • Babe: Pig In in the City - Music From and Inspired By The Motion Picture - 1998

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra