Don't You Lie to Me

Don't You Lie to Me
Singel av Tampa Red
B-side

«Anna Lou Blues»

Utgjeve 1940
Innspelt Chicago, 10. mai 1940
Sjanger Blues
Lengd 2:55
Selskap Bluebird (no. B-8654)
Låtskrivar(ar) Tampa Red (Hudson Whittaker)
Tampa Red-kronologi 
«It Hurts Me Too»
(1940)
Don't You Lie to Me «She Loves Just Right»
(1941)


«Don't You Lie to Me» (stundom kalla «I Get Evil»[1]) er ein bluessong innspelt av Tampa Red i 1940.[2] Han vart ein bluesstandard med innspelingar av mange andre artistar.[3] Songen vart òg tolka av rock and roll-pionerane Fats Domino og Chuck Berry.

Originalen endre

«Don't You Lie to Me» vart spelt inn av Tampa Red kring halvvegs i den produktive platekarrieren hans, og er ein overgang frå dei tidlegare hokum-innspelingane hans til den seinare Chicago-blues combo-stilen.[4] Dette var den same tida han byrja å spele elektrisk gitar og spelte inn dei mest kjende bluesklassikarane hans, som «It Hurts Me Too», «Love with a Feeling» og «Anna Lou Blues», B-sida til «Don't You Lie to Me».[4]

Songen er ein mellomrask 12-taktsblues der Tampa Red spelar jazz-aktige enkeltnotar på gitaren bak vokalen sin. Blind John Davis spelte piano og ein uidentifisert person spelte bass. I tillegg la Red til ein 12-takts kazoo-solo, som han ofte hadde gjort i tidlegare dagar.[4] Sjølv om mange seinare versjonar er tilskrivne andre artistar, brukar dei ofte noko, om ikkje alt, av teksten til Tampa Red:

«

There're two kind of people I just can't stand
And that's a lying woman and a sneakin' man
So don't you lie to me, don't you lie to me
Because it makes me mad, and I get evil as a man can be

»

Innspelingar av andre artistar endre

Fats Domino spelte inn «Don't You Lie to Me» tidleg i karrieren sin i 1951 (Imperial 5123).[3] Han brukte det meste av teksten til Tampa Red og sjølv om han ikkje har fullt akkompagnement, dominerer pianoet, som var varemerket hans, innspelinga. Domino vart tilskriven for heile songen, og det same gjorde Chuck Berry då han spelte inn ein rock and roll-versjon av songen i 1961 for albumet New Juke-Box Hits.[3] The Rolling Stones spelte Berry-versjonen i 1964, men vart ikkje gjeven ut før Metamorphosis i 1975. I 1972 framførte dei songen på konsert. The Pretty Things spelte òg inn Berry sin versjon i 1965 på debutalbumet.

I 1962 spelte Albert King inn «Don't You Lie to Me» som «I Get Evil», og denne kom ut på det første albumet hans, The Big Blues.[5] King sin versjon brukar ein afrokubansk rytme, som han seinare brukte om att på hitten «Crosscut Saw» i 1967. Seinare spelte King og Stevie Ray Vaughan songen live på fjernsyn i 1983, og denne kom ut på Albert King with Stevie Ray Vaughan in Session.[6] I 1977 spelte B.B. King inn songen for King Size. Gary Moore spelte songen med begge titlane «Don't You Lie to Me (I Get Evil)», og denne følgjer versjonen til Albert King. Songen kom ut i 1992 på After Hours. Flamin' Groovies spelte ein versjon av songen og gav han ut på singel i Storbritannia i 1976. Supertramp spelte songen og gav han ut på Live '88.

Kjelder endre

  1. «Evil» av Howlin' Wolf er ein annan song.
  2. Russell, Tony (1997). The Blues: From Robert Johnson to Robert Cray. Dubai: Carlton Books Limited. s. 13. ISBN 1-85868-255-X. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Herzhaft, Gerard (1992). «Don't You Lie to Me». Encyclopedia of the Blues. University of Arkansas Press. s. 445. ISBN 1-55728-252-8. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Fancourt, Les (1994). It Hurts Me Too – The Essential Recordings of Tampa Red (Album notes). Tampa Red. Indigo Records. s. 2–3. IGOCD 2004. 
  5. «Albert King: The Big Blues – Album review». AllMusic. Henta 5. juli 2017. 
  6. Erlewine, Stephen Thomas. «Albert King/Stevie Ray Vaughan: In Session – Album review». AllMusic. Henta 5. juli 2017. 

Bakgrunnsstoff endre