Supertramp er eit engelsk rockeband skipa i London i 1969. Bandet vart skipa av Roger Hodgson (vokal, klaverinstrument, gitar) og Rick Davies (vokal, klaverinstrument) og utmerkte seg med ei blanding av progressiv rock og pop og bruk av Wurlitzer elektrisk piano og saksofon.[5][6] Besetningai gruppa har endra seg mange gonger gjennom karrieren, med Davis som det einaste medlemmet som var med heile vegen. Andre langvarige medlemmar var bassisten Dougie Thomson, trommeslagaren Bob Siebenberg og saksofonisten John Helliwell.

Supertramp

Supertramp i 1971
Frå venstre: Roger Hodgson, Frank Farrell, Rick Davies, Kevin Currie, Dave Winthrop
AliasDaddy (1969–1970)
OpphavLondon i England
Aktiv
  • 1969–1988
  • 1996–2002
  • 2010–2011
  • 2015
Sjanger
Plateselskap
Tidlegare medlemmer* Rick Davies

Bandet var i starten eit progressivt rockeband, men frå og med det tredje albumet sitt, Crime of the Century (1974) hadde dei ein meir pop-orientert stil.[5] Dei nådde det kommersielle høgdepunktet sitt i 1979 med Breakfast in America, som inneheldt dei internasjonale hitsinglane «The Logical Song», «Breakfast in America», «Goodbye Stranger» og «Take the Long Way Home». Andre hittar dei hadde var «Dreamer» (1974), «Give a Little Bit» (1977) og «It's Raining Again» (1982).

Fram til 2007 hadde Supertramp selt over 60 millionar album.[7] Dei vart særleg populære i Nord-Amerika, Europa, Sør-Afrika og Australia. Dei høgaste salstala fekk dei relativt sett i Canada, der dei fekk to diamant-plater (10x platinaplater). I 1983 slutta Hodgson i gruppa for å satse på ein solokarriere. Davies tok då over som den einaste leiaren i bandet fram til 1988, då bandet vart oppløyst. Det har sidan kome saman att i forskjellige samansetningar.

Historie endre

Supertramp vart skipa i 1969 av pianisten og vokalisten Rick Davies. Davies hadde vore medlem av ei gruppe kalla The Joint, som hadde økonomisk støtte av den nederlandske millionæren Stanley August Miesegaes. Miesegaes hadde blitt stadig meir misnøgd med The Joint, men syntes Davies var lovande, og han tilbaud seg å støtte eit nytt band om Davies ønskte å skipe eit nytt prosjekt.[5] Davies sette inn ei annonse i det britiske musikkmagasinet Melody Maker, og fekk tak i gitaristen Richard Palmer, trommeslagaren Robert Millar og songaren og bassisten Roger Hodgson. Davies kalla først det nye bandet Daddy, men for å unngå å bli samanlikna med andre band med liknande bandnamn, endra han det til Supertramp, henta frå ei bok av den walisiske forfattaren William Henry Davies.[5]

I 1970 fekk Supertramp ein platekontrakt med A&M Records, og debutplata deira kom ut seinare same året, kalla opp etter bandet. Det var dominert av lange prog-baserte komposisjonar og vann ikkje eit stort publikum. Besetninga i Supertram endra seg og Palmer og Millar forlet gruppa. Hodgson flytta frå bass til gitar og bassisten Frank Farrell og trommeslagaren Kevin Currie, og Dave Winthrop på fløyte og saksofon kom med i bandet. Den nye utgåva av Supertramp gav ut albumet Indelibly Stamped i 1971, men det gjorde det ikkje noko særleg betre enn debutplata. Miesegaes kutta dermed den økonomiske støtta til gruppa. Supertramp vart overlate til seg sjølv og heldt på å kollapse då dei fleste av medlemmane i gruppa gjekk vidare til andreprosjekt. Davies og Hodgson sette derimot i saman ei ny utgåve av gruppa med Davies på piano og vokal, Hodgson på gitar, elektrisk piano og vokal, Dougie Thomson på bass, Bob C. Benberg på trommer og perkusjon og John Anthony Helliwell på saksofon, andre blåseinstrument og klaverinstrument. Denne utgåva av Supertramp gav ut ein meir konsis og poporientert musikk enn dei hadde spelt på dei to første albuma sine. I 1974 kom Crime of the Century, som vart det kommersielle gjennombrotet til Supertramp, med singlane «Dreamer» og «Bloody Well Right». I 1975 kom Crisis? What Crisis?, som ikkje gjorde det fullt like bra. Even in the Quietest Moments frå 1977 gav dei derimot ein ny hitsingel med «Give a Little Bit», og den stødige rocken deira gav Supertramp eit rykte om å vere eit imponerande konsertband.

Med Breakfast in America i 1979 vart Supertramp superstjerner og tre av songane på albumet vart topp 20-hittar i USA, «Goodbye Stranger», «Take the Long Way Home» og «The Logical Song». Albumet gjekk heilt til topps på Billboard 200-lista i USA og selde fire millionar eksemplar der. I Canada, Frankrike, Tyskland og Storbritannia selte det til platinastatus. Supertramp følgde opp suksessen med Breakfast in America med eit konsertalbum, Paris i 1980. Det neste studioalbumet deira kom ikkje før i 1982, med ...Famous Last Words.... Tittelen var på eit vis profetisk, for forholdet mellom Davis og Hodgson var blitt surare gjennom åra, og i 1983 slutta Hodgson for å satse på ein solokarriere. Davis tok leiinga i bandet og Supertramp gav i 1985 ut Brother Where You Bound i 1985, der bandet fekk hjelp av andre musikarar, som Pink Floyd-gitaristen David Gilmour. I 1987 kom Free as a Bird der Supertramp eksperimenterte med synthesizerar og elektronisk dansemusikk. Etter ein verdsturné for å marknadsføre albumet, la Davis ned bandet i det stille.

I 1996 sette Davis saman eit nytt Supertramp for ein konsertturné. Den nye besetninga bestod av Davies, John Anthony Helliwell, gitaristen Mark Hart (som hadde turnernert med bandet i 1987, og trommeslagaren Jesse Siebenberg. Denne nye utgåva av Supertramp gjekk i studio etter turneen og gav ut Some Things Never Change i 1997. Fleire turnear følgde og albumet Live 1997 dekte ein av dei. Eit nytt studioalbum, Slow Motion, kom ut i 2002. I 2010 kom Supertramp saman på ny for ein verdsturné i høve 40-årsjubileet deira. Det gjekk rykte om av Hodgson skulle kome attende til bandet, men både han og Davis uttalte at det var lite truleg at dei nokon gong kom til å arbeide i lag att, og Hodgson la ut på ein soloturné, samstundes med jubileet til Supertramp.

Medlemmar endre

Noverande medlemmar
  • Rick Davies – vokal, klaverinstrument, munnspel, komposisjon, melodica (medgrunnleggjar; 1969–1988, 1996–2002, sidan 2010)
  • Bob Siebenberg – trommer, perkusjon (1973–1988, 1996–2002, sidan 2010)
  • John Helliwell – saksofon, klarinett, klaverinstrument, korvokal (1973–1988, 1996–2002, sidan 2010)
  • Mark Hart - vokal, klaverinstrument, gitar (1996-2002, sidan 2015; turnémusikar: 1985-1988)
  • Carl Verheyen – gitar, perkusjon, korvokal (1996–2002, sidan 2010; turnémusikar: 1985-1986)
  • Cliff Hugo – bass (1996–2002, sidan 2010)
  • Lee Thornburg – trombone, trompet, klaverinstrument, korvokal (1996–2002, sidan 2010)
  • Jesse Siebenberg – vokal, gitar, perkusjon (1997-2002, sidan 2010), klaverinstrument (sidan 2010)
  • Gabe Dixon – klaverinstrument, tamburin, vokal (sidan 2010)
  • Cassie Miller – korvokal (sidan 2010)

Tidlegare medlemmar
  • Roger Hodgson – vokal, klaverinstrument, gitar, bassgitar, komposisjon (medgrunnleggjar; 1969-1983)
  • Richard Palmer-James – gitar, vokal, komposisjon (1969-1971)
  • Keith Baker – trommer (1969-1970)
  • Robert Millar – trommer, perkusjon (1970-1971)
  • Dave Winthrop - saksofon, fløyte, vokal (1970-1973)
  • Kevin Currie - trommer, perkusjon (1971-1973)
  • Frank Farrell – bass, korvokal (1971-1972)
  • Dougie Thomson - bass (1972-1988)
  • Tom Walsh - perkusjon (1996-1997)

Diskografi endre

For meir om dette emnet, sjå Diskografien til Supertramp.

Kjelder endre

  1. Breithaupt, Don; Breithaupt, Jeff (2000), Night Moves: Pop Music in the Late '70s, St. Martin's Press, ISBN 978-0-312-19821-3 
  2. Smith, Troy L. (1. august 2016). «Rock & Roll Hall of Fame: 7 so-called snubs that shouldn't be inducted». Cleveland. 
  3. Kelly, Brian (6. november 2019). «Dreamer brings Supertramp's music to Sudbury». The Sudbury Star. 
  4. 4,0 4,1 «SUPERTRAMP biography». The Great Rock Bible. Arkivert frå originalen 5. juni 2019. Henta 9. juni 2020. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Supertramp på Allmusic. Vitja 9. juni 2020
  6. Heatley, Michael. «Indelibly Tramped». Record Collector. Henta 8. juni 2020. 
  7. «Rare appearance». HighBeam Research. The Buffalo News. 25. mai 2007. Arkivert frå originalen 29. mars 2015. Henta 8. juni 2020. 

Bakgrunnsstoff endre