Don Myrick (6. april 194030. juli 1993) var ein amerikansk saksofonist.

Don Myrick
Fødd6. april 1940
FødestadChicago
Død30. juli 1993 (53 år)
DødsstadLos Angeles
OpphavUSA
Instrumentsaksofon
Verka somsaksofonist

Han spelte alt-, tenor- og sopransaksofon og var medlem av den originale blåserekkja til Earth Wind & Fire, som kalla seg The Phenix Horns Esq. frå 1975 til 1982. Tidlegare hadde Myrick vore medlem av musikkgruppa The Pharaohs. Myrick er òg rekna som grunnleggjaren av Association for the Advancement of Creative Musicians (AACM)[1]

Somme av dei mest kjende saksofonsoloane er Phil Collins sin «One More Night», «Reasons» av Earth Wind & Fire og «After the Love Has Gone» frå albumet I Am. Han har spelt med mange kjende musikarar som Grover Washington, Jr. og Carlos Santana.[2] Myrick spelar på album av artistar som Bobby «Blue» Bland, The Dells, Regina Belle, the Mighty Clouds of Joy og Heaven 17.

Han fekk ein Grammy Award for beste R/B-instrumental med Earth, Wind & Fire-singelen «Runnin'» i 1977/78.[2]

Myrick vart skoten og drepen i Los Angeles i California av ein politimann under ei narkotikaetterforsking.[3] Medan dei prøvde å utføre ein ransakingsordre, trudde politibetjent Gary Barbaro ein butanlighter i handa til Myrick var eit våpen. Han avfyrte eit enkelt skot og trefte Myrick i brystet. Myrick døydde på sjukehuset kort tid etter, 53 år gammal. Famillien saksøkte byen for urettmessig dødsfall og fekk 400 000 dollar ved eit forlik.[4]

Kjelder endre

  1. Ervin, Mike (1994). Plateomslagstekst for Hey Donald av Roscoe Mitchell.
  2. 2,0 2,1 «Saxophonist Donald Myrick fatally shot in drug probe», Jet, 23. august 1993.
  3. Chazanov, Mathis. Obituary. The Los Angeles Times, 15. august 1993.
  4. «Lawsuit settled in Donald Myrick’s death». Associated Press. 4. august 1995. 

Bakgrunnsstoff endre