Bobby Bland

amerikansk songar

Robert Calvin Bland, kjent som Bobby «Blue» Bland, (27. januar 193023. juni 2013) var ein amerikansk bluessongar og eit av dei største namna innan Texas-blues. Han blei vald inn i Blues Hall of Fame i 1981,[1] Rock and Roll Hall of Fame i 1992 og Memphis Music Hall of Fame i 2012.[2] Han blei tildelt ein Grammy Lifetime Achievement Award i 1997.[3]

Bobby Bland

Fødd27. januar 1930
FødestadRosemark
Død23. juni 2013 (83 år)
DødsstadMemphis, Germantown
OpphavUSA
Aktiv1951–2013
Sjangerblues, soul
Instrumentmunnspel, vokal
PlateselskapDuke, Dunhill
Verka somsongar
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award

Bobby Bland byrja å spela inn plater på byrjinga av 1950-talet, men fekk ingen store hittar før i 1957, då han gav ut «Farther up the Road». Denne nådde fyrsteplassen på R&B chart og 43. plassen på Billboard Hot 100. Ei rekkje hittar på R&B-lista følgde, som «Little Boy Blue» (1958).[4] Andre av hittane hans var «I Pity the Fool» og «Turn on Your Love Light». Han spelte så å seia alltid saman med innverknadsrike bluesgitaristar. Bland spelte også inn ein hittversjon av T-Bone Walker sin «Call It Stormy Monday (But Tuesday Is Just as Bad)», som ved ein feil blei gjeven tittelen til ein annan song, «Stormy Monday Blues».[5]

Kjelder endre

  1. Innvalgte i Blues Hall of Fame 1981 Arkivert 17. juli 2012 på Wayback Machine. (besøkt 27. august 2012)
  2. «Bobby "Blue" Bland | Memphis Music Hall of Fame». memphismusichalloffame.com. 
  3. «Bobby Bland: Biography». AllAboutJazz.com. Arkivert frå originalen 26. desember 2007. Henta 9. august 2007. 
  4. Whitburn, Joel (1996). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942–1995. Record Research. s. 34–35. 
  5. Russell, Tony (24. juni 2013). «Bobby 'Blue' Bland Obituary». The Guardian. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Bobby Bland