Donetsbekkenet
Donetsbekkenet (ukrainsk Донецький басейн, Donetskyj baseyn; russisk Донецкий бассейн, Donetskij bassejn), ofte berre kalla Donbass (russisk Донбасс; ukrainsk Донбас, Donbas), er eit historisk, økonomisk og kulturelt område aust i Ukraina. Opphavleg var det eit kolgruveområde og det har blitt eit kraftig industrialisert område som slit med urbant forfall og industriforueining.
Geografi
endreDonbass dekkjer dei tre administrative oblasta (provinsar) aust i landet: den austlegaste delen av Dnipropetrovsk oblast kring byen Pavlohrad (det såkalla Vest-Donbass), nordlege og sentrale delar av Donetsk oblast (sørlege delar vert rekna som ein del av kystområdet Prjazovia) og sørlege delar Luhansk oblast (nordlege delar vert rekna som ein del av Slobozjanstsjyna). Byen Donetsk vert rekna som den uoffisielle hovudstaden i Donbass.
Stundom vert Rostov oblast i Russland rekna som ein del av Donbass. Dette kjem av at kolområdet i Doentsbekkenet geografisk strekkjer seg inn i dette området (som òg er eit kolguveområde), stundom kalla Russiske Donbass.
Sjå òg
endre- Kryvbas — eit viktig økonomisk område sentralt i Ukraina
- Ruhr-området — eit liknande område i Sentral-Europa
- HC Donbass — eit ishockeylag frå Donetsk med namn etter regionen.
- Donbass Arena
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Donets Basin» frå Wikipedia på engelsk, den 7. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- Historia til Donbas Arkivert 2007-01-07 ved Wayback Machine.
- Bilete av Donbass i sovjetisk kunst Arkivert 2012-02-19 ved Wayback Machine.