Opna hovudmenyen
Skodespelaren Doris Day i filmtrailer.
Forfattaren Doris Lessing.

Doris er eit kvinnenamn av gresk opphav. Det har også vore noko brukt som mannsnamn. Namnet er i slekt med Dorris og Dory.

Doris har svensk namnedag den 6. februar og norsk den 7. august.

Innhaldsliste

TydingEndra

Det greske ordet doris (Δωρίς) tyder 'dorisk kvinne'. Doris er namnet på ei okeanide (ei havnymfe) i gresk mytologi.

Det kan også vera sett på som ei kortform av Dorothea (gresk Δωροθεα), der førsteleddet tyder 'gåve'.

BrukEndra

Namnet blei utbreidd i Europa på 1800-talet. Det var særleg brukt i USA på 1920- og 1930-talet, då 1,0 % og fleire av alle jenter fekk namnet. I Noreg hadde 573 kvinner førenamnet Doris i 2009.

Kjende namneberararEndra

KjelderEndra