Opna hovudmenyen

Mannsnamn er personnamn som hovudsakleg blir gjevne til menn. Slike namn kan òg knytast til andre vesen eller ting for å gjera dei «mannlege».

Mange kulturar skil mellom manns- og kvinnenamn, andre stader er dette mindre viktig.[1] Ein kan også ha ein større eller mindre del namn som kan brukast av begge kjønn.

UtformingEndra

Mannsnamn av germansk opphav ender gjerne med ein konsonant eller ein trykklett vokal, som regel e (som i Sverre), unntaksvis ein a (som i Ola), i (som i Ari) eller o (som i Bjøro). I latinske tradisjonar har dei ofte endingar som -o eller -us, medan mannsnamn av gresk opphav kan enda i -os (i nominativsforma). Mange mannsnamn i desse tradisjonane er korte, som einstavingsnamna Odd og Ulf, noko det blir peika og gjort om på i kjønnssatiren Egalias døtre, men det finst òg fleire lange namn, som Kristoffer eller Torarin.

I vestleg tradisjon er det lite vanleg at mannsnamn blir forma ut frå kvinnenamn, eller at kvinnenamn går over til å bli mannsnamn, medan ein oftare ser ein slik overgang motsett veg. I nokre høve går det til og med så langt at kvinner «stel» namn frå menn, noko ein særleg ser i USA, der ei rekke namn (som Lindsay, Meredith og Kimberly[2]), som opphavleg hovudsakleg blei brukte av menn, i dag i stor grad blir rekna som kvinnenamn. Dette endrar ikkje at det stadig finst kjønnsnøytrale namn som kan brukast fritt av begge kjønn.

TydingEndra

Norske mannsnamnEndra

I norrøn tid laga ein gjerne namn ved å setja saman to delar der andre delen viste kjønnet til namneberaren. Av mannlege namneendingar kan nemnast -ar, -bjørn, -finn, -geir, -mund, -odd, -stein, -tor og -vald. Nokre av desse delane er i dag mannsnamn i seg sjølv.

FotnotarEndra

  1. Til dømes på Hawaii før amerikaniseringa, sjå John E. Reinecke: «Personal Names in Hawaii» i American Speech, Vol. 15, No. 4. (Dec., 1940), pp. 345-352.
  2. behindthename.com for Kimberly, Lindsay og Meredith