Dorothe Engelbretsdatters hus

Dorothe Engelbretsdatters hus er eit hus i Bergen som har tilhøyrt diktaren Dorothe Engelbretsdotter. Det blei oppført i 1712 ved foten av Heggebakken, tvers overfor Bispebrønnen, tomta som no har nummer 42 i Kong Oscarsgate i Bergen. Bygningen blei demontert og gjenreist på Gamle Bergen Museum i 1962.

Dorothe Engelbretsdatters hus

Dorothe Engelbretsdotter mista huset sitt i den store bybrannen i Bergen i 1702. Som presteenkje hadde ho vanskar med å få bygd eit nytt hus, og budde lenge i eit lite hus eller på fattighus. Då kong Fredrik IV av Danmark-Noreg vitja byen i 1704 overrekte Dorothe han eit hyllingsdikt og bøneskriv der ho bad kongen om hjelp til å få seg eit nytt hus. Dette førte ikkje fram, og i 1709 bad ho om hjelp frå styresmaktene i byen. Først i 1712 fekk ho eit nytt hus. Ho fekk fire år i huset før ho døydde i 1716.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre