Dorothy Tennant
Dorothy Tennant (22. mars 1855–5. oktober 1926) var ein britisk nyklassisistisk målar frå viktoriatida.
Dorothy Tennant | |
Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 22. mars 1855 London |
Død |
5. oktober 1926 (71 år) |
Yrke | kunstmålar |
Språk | engelsk |
Far | Charles Tennant |
Mor | Gertrude Tennant |
Ektefelle | Henry Morton Stanley |
Dorothy Tennant på Commons |
Tennant var fødd ved Russel Square i London som den andre dottera til politikaren Charles Tennant og sosietetskvinna Gertrude Barbara Rich Collier. Ho studerte målarkunst under Edward Poynter ved Slade School of Fine Art i London og Jean-Jacques Henner i Paris.[1]
I tillegg til å laga måleri skreiv og illustrerte Tennant fleire bøker,[2] mellom anna London Street Arabs frå 1890.[3]
I 1890 gifta ho seg med Afrika-oppdagaren Henry Morton Stanley, og då han blei adla ni år seinare fekk ho tittelen Lady Stanley. Dei to adopterte ein son, Denzil. Etter at ektemannen døydde i 1904 redigerte og illustrerte ho sjølvbiografien hans,[4] er blitt skulda for å ha teke vekk alt snakk om kvinner i livet hans før henne.
Dorothy gifta seg opp att i 1907 med Henry Curtis (d. 1944), ein kirurg, patolog og forfattar.[5]
Galleri
endre-
Henry Morton Stanley måla av Dorothy Tennant i 1880.
-
L'Amour Blessé (1895) av Dorothy Tennant.
Kjelder
endre- ↑ Grosvenor Prints, London
- ↑ Google Books (2010)
- ↑ «Lady Dorothy Stanley». Tate.
- ↑ Henry Morton Stanley (1909) The Autobiography Of Sir Henry Morton Stanley, Dorothy Stanley Ed., Houghton Mifflin Company
- ↑ Supplement to the British Medical Journal (1944)
- Denne artikkelen bygger på «Dorothy Tennant» frå Wikipedia på engelsk, den 16. februar 2017.