Douglas «Doug» Killmer (18. juli 194729. august 2005) var ein USA-amerikansk blues- og rockebassist, som var aktiv frå 1960-åra til seint i 1990-åra. Nokre gonger blir han kreditert som Douglas Kilmer eller Doug Kilmer. Han blir hugsa best for å ha spelt basslinja på Norman Greenbaum-hitten «Spirit in the Sky» frå 1970 (nummer 333 på Rolling Stone si liste over dei 500 beste låtane gjennom tidene). I tillegg til dette spelte han på Otis Rush-sin Grammypris-vinnande «Right Place, Wrong Time» frå 1976 og Rita Abrams sin Grammy-nominerte låt «Mill Valley». Han var aktiv på musikkscena i San Francisco Bay Area i over tre tiår.

Douglas Killmer
Fødd18. juli 1947(1947-07-18)
FødestadChicago i Illinois i USA
Død29. august 2005 (58 år)
DødsstadWillits i California i USA
FødenamnDouglas Killmer
AliasChico
OpphavUSA
Aktiv1963–2000
SjangerRock and roll, blues, blues-rock
Instrumentbassgitar
Tilknytte artistarThunder and Lightning
Nick Gravenites
Michael Bloomfield
Booker T. Jones
Norman Greenbaum
Crowfoot
Verka somMusikar

Kjelder

endre