The downtown trains are full
With all those Brooklyn girls
They try so hard to break out of their little worlds

«Downtown Train» av Tom Waits

«Downtown Train» er ein song av Tom Waits på albumet hans Rain Dogs frå 1985. Songen skil seg noko ut på albumet, som i større grad var prega av meir avantgarde- og Kurt Weill-liknande musikk med skrangelete rytmar og stundom utradisjonell instrumentering. «Downtown Train» er derimot ein roleg kjærleikssong.

Rod Stewart spelte inn ein eigen versjon av songen som vart ein stor hit for han i 1989. Rod Stewart si utgåve hadde slidegitar av Jeff Beck, som òg var med i musikkvideoen. Singelen hamna på 2. plass på den amerikanske singellista og gjekk heilt til topps i Canada.

Andre artistar som har spelt «Downtown Train» er Mary-Chapin Carpenter (Hometown Girl i 1987), Patty Smyth (singel som nådde 95. plass i USA i 1987) og Everything But the Girl (ein akustisk versjon)

Bakgrunnsstoff endre

Downtown Train på allmusicguide