Drakensberg
Drakensberg (afrikaans Drakensberge, nederlandsk Drakensbergen; 'Drakefjella') er ei fjellkjede på austkysten av Sør-Afrika. Lesotho ligg inne i denne fjellkjeda. Den høgaste toppen er Thabana Ntlenyana på 3482 moh. På zulu blir fjella kalla uKhahlamba (barriere av spyd), og på sesotho for Maluti (eller Maloti).
Drakensberg | |||
fjellkjede | |||
Land | Sør-Afrika, Lesotho | ||
---|---|---|---|
Drakensberg 29°22′00″S 29°32′00″E / 29.366666666667°S 29.533333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Drakensberg |
Skildring
endreFjellkjeda strekker seg gjennom 1000 km av den austlege delen av Sør-Afrikas, hovudsakleg frå sørvest til nordaust, med ei nordvestleg forlenging som utgjer den nordaustlege grensa av Lesotho. På vestsida av fjella renn elvane Oranje og Vaal; og på austsida renn fleire små elvar, med Tugelaelva som den største. Fjellkjeda dannar grensa mellom provinsane KwaZulu-Natal og Free State.
Etter Thabana Ntlenyana er dei høgaste toppane Mafadi (3 450 moh.) Makoaneng (3 416 moh.), Njesuthi (3 408 moh.), Champagne Castle (3 377 moh.), Giant's Castle (3 315 moh.) og Ben Macdhui (3 001 moh). Alle desse ligg på grensa til Lesotho, lenger nord blir toppane lågare.
Geologisk sett er Drakensberg ein rest av det opphavlege afrikanske platået. Fjella har ei hette av basalt som er opptil 1500 meter tjukk, med sandstein under og nedanfor. Dette har skapt eit landskap med bratte sider og mange tindar. I sandsteinen er det mange hòler, og fleire av dei inneheld hòlemåleri.
Området er populært blant fjellklatrarar og fotturistar. Det fell regelmessig snø i området. I det sørlege Drakensberg ligg alpinanlegget Tiffindell, som er ope frå seint i mai til tidleg i september. Det kan falla opptil 2,5 meter snø i gode år. Det kan vera regn og tåke heile året.
I filmen 2012 blir fjellkjeda mot slutten av filmen den høgaste fjellkjeda i verda, på 11 376 meter.
Verneområde
endreLand | Sør-Afrika | ||
---|---|---|---|
Innskriven ved UNESCOs 24. sesjon i 2000. Referansenr. 985. | |||
Kriterium: | I, III, VII, X | ||
Sjå òg | Verdsarvstader i Afrika | ||
Bakgrunnsstoff | uKhahlamba / Drakensberg nasjonalpark ved unesco.org |
Fleire av dei høgareliggande områda i Sør-Afrika er verna som viltreservat eller villmarksområde. I 2000 blei uKhahlamba/Drakensberg nasjonalpark i KwaZulu-Natal utnemnd til verdsarvområde. Grunngjevinga for verdsarvstatus er fleirdelt: Området inneheld fleire stader med oppsiktsvekkande bergkunst, som er eit vitnesbyrd om levemåten og trusførestillingane til sanfolk. Området blir òg verdsett for dramatisk natur med usedvanleg venleik, og som tilhaldstad for fleire endemiske og truga fugle- og planteartar.
Parken er òg omfatta av vern av våtmarksområde etter Ramsar-konvensjonen. Verneområda omfattar ikkje Lesotho-delane av fjellkjeda.
Den best kjende nasjonalparken i fjellkjeda er Royal Natal nasjonalpark, der eit oppsiktsvekkande «amfiteater» utgjer kjeldene for Tugelaelva, og byr på Tugelafalla, det nest høgaste fossefallet i verda.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Drakensberg» frå Wikipedia på bokmål, den 22. desember 2022.