Sotho, eller sesotho som det blir kalla av sine eigne talarar, er eit bantuspråk som blir tala av basothoar i Sør-Afrika og Lesotho. Det er offisielt språk i begge landa. I Lesotho er sotho majoritetsspråk og blir tala av rundt åttifem prosent, medan i Sør-Afrika er rundt åtte prosent av innbyggjarane sothotalande. Til saman har språket mellom seks og sju millionar talarar.

Sotho
Sesotho
Klassifisering: Niger-kongo-språk
 Atlantisk
  Volta-kongo-språk
   Benue-kongo-språk
    Bantuspråk
     Eigentleg bantuspråk
      Sentralt
       Sørlege/Sone S
        Sotho-tswana
         Sotho-tswana-språk
Bruk
Tala i: Flag of Lesotho.svg Lesotho
Flag of South Africa.svg Sør-Afrika
Sothotalande i alt: 6 025 000[1]
Skriftsystem: Det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-1: st
ISO 639-2: sot
ISO 639-3: sot
Wikipedia på sotho
Utbreiinga av sesotho. Mørkeblå område har større del talarar.

KlassifiseringEndra

Sotho høyrer til sotho-tswana-språkgruppa av bantuspråk. Språket er også kjend som sørleg eller sør-sotho, og utgjer ei grein av språkgruppa. Nord-sothospråka eller sepedi er ei anna grein snakka i Sør-Afrika, medan den siste er setswana som blir tala i Sør-Afrika og Botswana.

GrammatikkEndra

Sotho er eit agglutinerande språk som byggjer opp ord ved hjelp av affiks og bøyingar. Det er eit SVO-språk med subjekt-verbal-objekt som standard setningsoppbygging. Rekkjefølgja kan endrast for å leggja vekt på ulike delar av predikatet.

Substantiv blir delte inn i 18 ulike ordklassar som blir markerte med ulike prefiks. Som andre bantuspråk har sotho samsvarsbøyiing mellom dei ulike ordklassane og verb, pronomen og adjektiv.

SkriftspråkEndra

 
Kvinne i Lesotho på kvinnedagen. Plakaten seier på sotho: «Viss de ikkje høyrer på kvinner, vil me mista tolmodet med dykk.»

Sotho blir skrive med det latinske alfabetet. Skriftspråket blei først utvikla på 1800-talet av misjonærar frå Société des missions évangéliques de Paris til bibelomsetjingar. Skriftspråket blei dermed påverka av fransk ortografi.

Rettskrivinga i Lesotho og Sør-Afrika skil seg noko frå kvarandre i mellom anna val av bokstavar, uttrykking av nasalar i stavingsbyrjingar og i mindre grad i orddeling. I oversynet under er det brukt sørafrikansk ortografi.

Sotho-alfabetetEndra

Teikn IPA Merknad Døme
a ɑ ho abela å senda ut
b b lebese mjølk
bj /bʒ/ ho bjarana å knusa
/bj/ ?
d [d] allofon av /l/ som berre opptrer framfor dei tronge vokalane (/i/ and /u/) Modimo God
e ɪ ho leka å prøva
e ho jwetsa å fortelja
ɛ ho sheba å sjå
f f ho fumiana å finna
fj /fʃ/ finst berre i korte passivformer av verb som sluttar med fa; alternativ sh ho bofjwa å bli bundne
h h or ɦ desse lydane er allofonar ho aha å byggja
hl ɬ ho hlahloba to examine
i i tho bitsa å ropa på
j ʒ mo jlefa arving
d͡ʒ alternativ til frikativen /ʒ/ ho ja å eta
k uaspirert boikarabelo ansvar
kh k heilt aspirert, finst for det meste i gamle lånord frå ngunispråk og i ideofonar lekhokho skorpe i gryte
kg x sekgo spider
kx alternativ til den velare frikativeen kgale for lenge sidan
l l opptrer ikkje framfor (/i/ eller /u/), der han blir /d/ selepe øks
m m ho mamaretsa å lima
n n lenaneo
ng ŋ kan opptre først i ord lengolo brev
ny ɲ som i spansk el niño ho nyala å gifta seg
o ʊ potso spørsmål
o pontsho prov
ɔ mongolo skrift
p uaspirert pitsa gryte
ph p aspirert phuputso undersøking
pj /pʃʼ/ alternativ tj ho pjatla å koka godt
pjh /pʃʰ/ aspirert versjon av lyden ove; alternativ tjh mpjhe struts
q ǃ radikal ho qoqa å prata
qh ǃ aspirert leqheku eldre person
nq ǃ nasal, ofte uttalt som radikal klikkelyd ho nqosa å skulda
r ʀ moriri hår
s s Sesotho
sh ʃ Moshweshwe Moshoeshoe I
t uaspirert botala grønheit
th t tharollo løysing
tj t͡ʃʼ ntja hund
tjh ho ntjhafatsa å fornya
tl t͡ɬʼ ho tlatsa å fylla
tlh finst berre som ei nasal form av, eller alternativ til, hl tlhaho natur
ts t͡sʼ ho tsokotsa å skylla
tsh ts aspirert ho tshoha å reddast
u u tumo berømtheit
w w sewa epidemi
y j ho tsamaya å gå

LitteraturEndra

Sotho har ein rik munnleg litteratur som omfattar myter, epos, soger, historiske hendingar, dikt, songar og ordtak. Desse tekstane blei først skrivne ned av europeiske misjonærar frå 1830-talet. Eit døme på ei viktig samling sothosoger er Litsomo tsa Basotho ('Sogene til basothoane') som blei gjevne ut i to delar av presten E. Jacollett i 1909 og 1911.

Av nyare litteratur kan nemnast romanen Chaka av Thomas Mofolo frå 1925, som er omsett til fleire språk.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

FotnotarEndra