Driftless Pony Club

Driftless Pony Club er eit amerikansk indie rock-band som opphavleg kjem frå Wisconsin. Medlemmane i bandet er Craig Benzine (vokal, gitar), Matt Weber (keyboard, gitar), Sam Grant (bass) og Nate Bartley (trommer).[2] Flesteparten av medlemmane i gruppa bur no i Chicago i Illinois. Bandet er mellom anna inspirert av Modest Mouse, Weezer og Pixies.[3] Benzine er kjend på Youtube som WheezyWaiter, og mange finn bandet etter å ha sett på videoane hans. Musikken deira er brukt i sitcom-nettserien MyMusic, mellom anna er «House of 1982 Built Like a Ship» opningssongen i serien.

Driftless Pony Club
OpphavUSA
Aktiv1999-[1]
SjangerIndie rock, Alternativ rock, Math rock[2]
MedlemmerCraig Benzine, Matt Weber, Sam Grant og Nate Bartley
Tidlegare medlemmerIan, Marcus[1]

Det fyrste albumet, Janel, vart gjeve ut på Sector Five Records, medan det andre, Cholera, vart gjeve ut på Sector Five Records og Two Thumbs Down Records. Frå og med EP-en Expert har alt vore gjeve ut på DFTBA Records.[4][5]

Diskografi

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Benzine, Craig (30.10.2012) «Origins of DPC and Ozark Cousins»
  2. 2,0 2,1 last.fm Driftless Pony Club
  3. driftlessponyclub.com Press Arkivert 2016-08-11 ved Wayback Machine.
  4. Discogs Driftless Pony Club
  5. rateyourmusic.com Zastera

Bakgrunnsstoff

endre