For dronar hjå bier, sjå honningbie.

Drone er eit luftfartøy som kan vera fjernstyrt eller manøvrera sjølv.[1] Det finst både militære og sivile dronar, og dei har mange utformingar og bruksområde Militære dronar vert brukte til å samla etterretning av militær relevans og å bera og avfyra våpen, utan å risikera livet til eigne soldatar. Sivile dronar vert til dømes brukte til hobbyfotografering og kommersielle videoproduksjonar. Skiljet mellom sivile og militære dronar er uklart. Militære føretak er i dag leiande i utviklinga av droneteknologi, men leverer i tillegg til den miitære marknaden òg til det sivile. Fleire sivile føretak leverer òg dronar og droneteknologi til den militære marknaden.

Minidrone til fotografering frå høgda
Eim drone som vert brukt til å inspisera straumlinjer
Ein X-47-drone
Helikopterdrone
EuroHawk-drone

Forbodssoner endre

I Noreg er det forbode å flyga med dronar i nærleiken av flyplassar. Minsteavstanden er fem kilometer utan spesielt løyve frå tårnet. Årsaka er faren for at dronane kan treffe fly under opp- og nedstigning.[2] Frykta er ekstra stor for at dei kan sugast inn i flymotorar, der dei lett brennbare litium-polymerbatteria til dronane kan føra til brann.[3][4][5][6][7][8][9]

Historie endre

Dronar vart først brukte under den fyrste verdskrigen, og fram til andre verdskrigen vart dei brukte til å trena skyttarar på luftvernartilleri.

Veksten i den militære nytta av dronar kan illustrerast med krigen i Irak: I 2002 brukte amerikanske styrkar rundt 200 dronar, eit tal som hadde vakse til rundt 3 200 i 2007.[10]

Klassifisering endre

  • LALA – Low Altitude Long Endurance
  • MÅLA – Medium Altitude Long Endurance
  • HALE – High Altitude Long Endurance
  • Taktisk

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. Tandberg, Erik; Jarslett, Yngve (16. juli 2019). «drone». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. Hjetland, Geir Bjarte (25. desember 2015), «Fekk du drone til jul? Reglane blir mykje strengare», NRK (på norsk bokmål), henta 8. september 2019 
  3. Løken, Siri (30. august 2017), «Ni nestenulukker med dronar i år: – Kan ende med katastrofe», NRK, henta 8. september 2019 
  4. Kalstad, Lise Marit (11. november 2017), «Ulovlig drone stengte flyplass», NRK (på norsk bokmål), henta 8. september 2019 
  5. Dimmen, Sofie Dege (22. desember 2018), «Risikerer opp mot fem års fengsel for ulovlig droneflyvning», NRK (på norsk bokmål), henta 8. september 2019 
  6. Bakken, Laila Ø (22. desember 2018), «To pågrepet i forbindelse med dronemysteriet på Gatwick», NRK (på norsk bokmål), henta 8. september 2019 
  7. «Droner kan skape langt større problem enn en stengt flyplass», NRKbeta, henta 8. september 2019 
  8. Nyborg, Øyvind (20. desember 2018), «Nordmenn på vei hjem til jul rammet av flykaos i London: Droner stanser trafikken», NRK (på norsk bokmål), henta 8. september 2019 
  9. Bakken, Laila Ø (22. desember 2018), «To pågrepet i forbindelse med dronemysteriet på Gatwick», NRK (på norsk bokmål), henta 8. september 2019 
  10. Wired

Bakgrunnsstoff endre