Dronninga av Saba

Dronninga av Saba er ein figur kjend frå jødisk, kristen og muslimsk tradisjon. Ho vert omtalt i Første kongebok og Andre Krønikebok i Bibelen, i Koranen og i etiopiske Kebra Nagast.

Dronninga av Saba

TittelDronning av Saba
Opptrer i1. Kongebok 10, Andre Krønikebok
Identifisert medBilqis, Queen of the South
SambuarSjelomo I av Israel
BarnMenelik I av Etiopia

Ein del historikarar har identifisert Saba med eit sørarabisk kongedøme, Sabaʾ, som låg i noverande Jemen. Det finst ikkje historiske prov på at dronninga har eksistert.[1]

Etiopisk freske i Addis Ababa av dronninga Saba som reiser til kong Salomo.

Legender endre

Ifølgje nokre legendariske tradisjonar utanom Bibelen fekk dronninga av Saba eit barn med Salomo, sonen Menelik, som vart konge over Etiopia. Dette er blant anna attgjeve i verket Kebra Negast frå 1300-talet. Trua på at Salomo fekk etiopiske etterkommarar har spelt ei rolle i den etiopiske ortodokse kyrkja og seinare i rastafarianismen.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. National Geographic, issue mysteries of history, september 2018, s.45.