Drottsete, frå norrønt dróttseti, tyder eigentleg ein som har sete i hirden. Drottsete var den høgaste sivile embetsmannen i hirden og hadde ansvar den kongelege hushaldet og den indre forvaltinga av riket når kongen sjølv ikkje kunne ha det, på grunn av at han ikkje var myndig, heldt til i utlandet eller av andre grunnar ikkje kunne ta seg av den direkte styringa av riket. Drottsete var med andre ord ein riksforstandar. Til dømes var Erling Vidkunsson drottsete frå 1323 til 1332, medan kongen, Magnus Eriksson, var mindreårig. Drottsete var eit mellombels embete, som kunne vera ledig i fleire år.