Dubna (russisk Дубна) er ei elv i Vladimir og Moskva oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå høgre. Ho er 167 km lang og har eit nedslagsfelt på 5350 km².

Dubna
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 5 350 km²
Lengd 167 km
Kjelde Vladimir oblast
Munning Volga
Kart
Dubnaelva
56°28′00″N 38°31′38″E / 56.466694444444°N 38.52725°E / 56.466694444444; 38.52725
Wikimedia Commons: Dubna River

Dubna har kjelda si mellom landsbyane Korely og Zazevitovo i Vladimir oblast, i nærleiken av byen Aleksandrov. Ho renn først hovudsakleg vestover. I Moskva oblast, nær landsbyen Filisovo svingar ho nordover, og etter å ha mottatt Sulatiu sørvestover. 6 km ovanfor Verbilok renn ho hovudsakleg nordvestover. Breiddene av elva er forholdsvis låge og myrlendte. Det er mogeleg med skipsfart 15 km frå landsbyen Berezjok til munningen.

Elva munnar ut i Volga ved byen Dubna, 8 km nedanfor Ivankovskij-reservoaret.

Dei største sideelvane hennar er Kunja, Kubzja, Velja og Sestra (den største) frå venstre, og Sulat og Khotsja frå høgre.

Kjelder endre