Ducloz Head
Ducloz Head er eit nes på nordvestsida av innløpet til Undine South Harbour på sørkysten av Sør-Georgia. Det vart først kartlagd i 1819 av ein russisk ekspedisjon under Fabian Gottlieb von Bellingshausen. Det vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee, etter ei landmåling av South Georgia Survey, 1951–52, etter Le Sieur Ducloz Guyot, ein passasjer på det spanske fartøyet «León», som oppdaga Sør-Georgia i 1756.[1]
Ducloz Head | |||
nes | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Stad | Sør-Georgia | ||
- koordinatar | 54°31′S 36°39′W / 54.517°S 36.650°W | ||
Ducloz Head 54°31′00″S 36°39′00″W / 54.5167°S 36.65°W | |||
I 1950-åra gjorde Duncan Carse, som Mount Carse er kalla opp etter, forskjellige landmålingar i dei indre områda av Sør-Georgia. Han leigde land ved Ducloz Head og 23. februar 1961 vart Carse sett i land frå HMS «Owen» med 12 tonn forsyningar og ei prefabrikkert hytte. Han vart vitja på nytt i april, men den 20. mai skal ei enorm bølgje ha vaska han, forsyningane hans og hytta på sjøen. Han klarte å overleve vinteren i 116 dagar til før han vart redda av eit selfangstfartøy.[2]
Kjelder
endre- ↑ «Ducloz Head». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 15. oktober 2012.
- ↑ Robert K. Headland, The Island of Sør-Georgia (Cambridge University Press Archive, 1992) p103
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ducloz Head» (innhald frå Geographic Names Information System).