Duje
«Duje» Song av Albina & Familja Kelmendi | ||
Land | Albania | |
Språk | Albansk | |
Utgjeve | 19. desember 2022 | |
Sjanger | Etnopop | |
Lengd | 03:07 | |
Selskap | Fole | |
Låtskrivar(ar) | Enis Mullaj, Eriona Rushiti |
---|
«Duje» (norsk omsetjing ‘elsk dei’[1]) er ein albansk song frå 2022 med Albina & Familja Kelmendi. Songen deltok i den 61. utgåva av den albanske songtevlinga Festivali i Këngës, der sjåarane røysta han fram som det albanske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia.
Om songen
endre«Duje» er komponert av Enis Mullaj, mens Erjona Rushiti har skrive teksta.[2] Teksta handlar om familiar som vert brotne frå kvarandre på grunn av ein liten konflikt, og at ein må verna kjærleiken som betyr mest.[1]
«Duje» var eit av 26 bidrag i den 61. utgåva av Festivali i Këngës i desember 2022. I tevlinga blei songen framført av den kosovoalbanske songaren Albina Kelmendi, saman med fem av familiemedlemmane hennar. Songen enda på andreplass i tevlinga, men han vann telefonavrøystinga og blei med det det albanske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.[3]
I Eurovision Song Contest deltok «Duje» i den andre semifinalen torsdag 11. mai 2023. Der enda songen på niandeplass og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai. I finalen enda låten på 22. plass med 76 poeng.[4]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «AlbinaKelmendi - Duje lyrics + English translation». lyricstranslate.com (på engelsk). Henta 29. desember 2022.
- ↑ «Albina dhe familja Kelmendi- Duje (Fest 61 në RTSH)». RTSH via YouTube (på norsk bokmål). Henta 29. desember 2022.
- ↑ Adams, William Lee (22. desember 2022). «Albania'sAlbina & Familja Kelmendi win Festivali i Këngës 61 public vote — and spot at Eurovision 2023». wiwibloggs (på engelsk). Henta 29. desember 2022.
- ↑ «GrandFinal of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Duje» frå Wikipedia på bokmål, den 5. desember 2023.