Dukhan
Dukhan er ein industriby vest i kommunen Al Rayyan i Qatar.[1] Han ligg kring 60 km vest for hovudstaden, Doha. Dukhan vert styrt av det statlege oljebyrået i Qatar, Qatar Petroleum, og var den første staden i landet det vart funne olje.[2]
Dukhan | |||
by | |||
Land | Qatar | ||
---|---|---|---|
Kommune | Al Rayyan kommune | ||
Koordinatar | 25°25′10″N 50°47′32″E / 25.41944°N 50.79222°E | ||
Areal | 365,0 km² | ||
Folketal | 11 520 (2010) | ||
Dukhan 25°25′10″N 50°47′32″E / 25.41944444°N 50.79222222°E | |||
Kart som viser Dukhan.
| |||
Wikimedia Commons: Dukhan | |||
Nettstad: Offisiell nettstad |
Geografi
endreDukhan ligg i kommunen Al Rayyan kring 60 km frå Doha. Den søraustlege delen av området ligg 60 meter over havet.[3] Delar av Dukhan i nord ligg under havnivå.[3][4] Ei rekkje åsar av kalkstein frå eocen strekkjer seg parallelt til kystområdet.[3] Toppen av Rus-formasjonen frå eocen stikk meir enn 25 meter opp av bakken i dette området.[5] Den austlege delen består av lågland dekt av stein, med wadiar og senkingar.[3] Wadi Diab er eit av dei store tørre elveleia i landet som strekkjer seg gjennom Dukhan.
Historie
endreOljeleitinga i Dukhan-området byrja i 1935.[6] I 1937 fann ein olje i Dukhan; det første større oljereservoaret på halvøya.[2] Utbygginga av den første oljebrunnen byrja i 1939 og var ferdig same året.[6] Den opphavlege busetnaden vart bygd som ein leir for arbeidarar frå Qatar Petroleum Company. Drifta vart lagt ned for ein periode under andre verdskrigen.[7] 31. desember 1949 eksporterte Dukhan den første tønna med olja og utbygginga av Dukhan-feltet var ferdig i 1954.
Samferdsle
endreDen første vegen i Dukhan vart bygd i 1940 for å knyte oljeleiren til Doha. Ein ny veg vart bygd i 1948 frå Dukhan til Umm Bab og Mesaieed. I 1970-åra vart Salwa-vegen utbygd for å knyte saman alle dei fire tidlegare nemnde områda.[8]
Arkeologi
endreDukhan er ein av dei viktigaste stadane frå yngre steinalder på halvøya.[9] Her er gjort fleire funn av steinreiskapar og våpen.[10]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dukhan» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Abdul Nayeem, Muhammad (1998). Qatar Prehistory and Protohistory from the Most Ancient Times (Ca. 1,000&,000 to End of B.C. Era). Hyderabad Publishers. ISBN 9788185492049.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «2010 population census» (PDF). Qatar Statistics Authority. Henta 30. mars 2017.
- ↑ 2,0 2,1 «Home page». Qatar Petroleum - Dukhan Operations. Arkivert frå originalen 17. juni 2013. Henta 30. mars 2017.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 Fahd Abdul Rahmn Hamad Al-Thani (1992). «The Spatial Impact of the Hydrokarbon Industry on Land and Sea Use in Qatar» (PDF). University of Durham; Durham e-Thesis. s. 105.
- ↑ M. Ajmal Khan, Benno Böer, German S. Kust, Hans-Jörg Barth (2006). Sabkha Ecosystems: Volume II: West and Central Asia. Springer. s. 179. ISBN 978-1402050718.
- ↑ Abdul Nayeem (1998), s. 6
- ↑ 6,0 6,1 Ministry of Foreign Affairs (2007). «Oil & Gas». Arkivert frå originalen 6. august 2012. Henta 3. september 2012.
- ↑ «Dukhan». Qatar Petroleum. Henta 30. mars 2017.
- ↑ Fahd Abdul Rahmn Hamad Al-Thani (1992). «The Spatial Impact of the Hydrokarbon Industry on Land and Sea Use in Qatar» (PDF). University of Durham; Durham e-Thesis. s. 138.
- ↑ Abdul Nayeem (1998), s. 20
- ↑ Abdul Nayeem (1998), s. 34