Al Rayyan
Al-Rayyan (arabisk الريان) er den største kommunen i Qatar. Al Rayyan tyder «vatningskjelda» og i forhold til islam òg «ei himmeldør». Den største busetnaden er byen med same namn. Al-Rayyan grensar til kommunane:
Al-Rayyan | |||
الريان | |||
kommmune | |||
Landsbyen Al Utouriya i Al Rayyan.
| |||
Land | Qatar | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 25°19′N 51°22′E / 25.32°N 51.37°E | ||
Hovudstad | Al-Rayyan | ||
Areal | 5 814 km² | ||
Folketal | 468 695 (2010)[1] | ||
Folketettleik | 81 / km² | ||
Tidssone | AST (UTC+3) | ||
Al Rayyan 25°18′30″N 51°22′00″E / 25.308333333333°N 51.366666666667°E | |||
Kart som viser Al Rayyan.
| |||
Wikimedia Commons: Al Rayyan |
Al Rayyan kommune vart skapt som ein sjølvstendig kommune i 1979. Av dei viktigaste områda og distrikta i Al Rayyan kommune finn ein Al-Wajba, al-Shakab, al-Rayyan, Maeedher, al-Ghorafa, Ein Khaled, Marrikh, al-Shahaniya, al-Khurayb, al-Nasraniya, al-Outouriya, al-Jamilya og Aldoha.
I 2004 vart Al Jumaliyah kommune ein del av Al Rayyan kommune. Jarayan al Batnah vart delt mellom kommunane Al Rayyan og Al Wakrah.
Administrasjon
endreAl Rayyan kommune vart grunnlagd i 1972.[2] Al Rayyan kommune er delt inn følgjande administrative soner:[1]
Sone | Areal (km²) | Folketal (2010) |
---|---|---|
Al Gharrafa, Gharrafat Al Rayyan, Izghawa, Bani Hajer, Al Seej, Rawdat Egdaim, Al Themaid | 80.6 | 46 976 |
Al Luqta, Lebday, Gamle Al Rayyan, Al Shagub, Fereej Al Zaeem | 13.4 | 20 416 |
Nye Al Rayyan, Al Wajbah, Muaither | 103.3 | 76 291 |
Fereej Al Amir, Luaib, Muraikh, Baaya, Mehairja, Fereej Al Soudan | 18.1 | 23 591 |
Fereej Al Soudan, Al Waab, Al Aziziya, New Fereej Al Ghanim, Fereej Al Murra, Fereej Al Manaseer, Bu Sidra, Muaither, Al Sailiya, Al Mearad | 89.9 | 138 573 |
Fereej Al Asiri, New Fereej Al Khulaifat, Bu Samra, Al Mamoura, Abu Hamour, Mesaimeer, Ain Khaled | 64.9 | 85 906 |
Al Utouriya | 648.5 | 1 060 |
Al Jemailiya | 626.2 | 1 706 |
Al-Shahaniya | 287.2 | 35 393 |
Mebaireek | 198.6 | 11 333 |
Rawdat Rashed | 454.1 | 6 046 |
Al Karaana | 551.7 | 1 567 |
Umm Bab | 495.2 | 6 194 |
Al Nasraniya | 423.2 | 1 043 |
Dukhan | 365.0 | 11 520 |
Abu Samra | 824.9 | 1 065 |
Sawda Natheel | 569.8 | 15 |
Kommune | 5814.7 | 468 695 |
Klima
endreSom alle byane i Qatar har Al Rayyan er temperaturane behagelege frå november til mars, medan april til november er særs varm. Al Rayyan har tørketid frå mars til oktober.[3]
Månad | Normal maks. temperatur | Normal min. temperatur | Normalnedbør |
---|---|---|---|
Jan | 22°C | 13°C | 13.4 mm |
Feb | 23°C | 13°C | 17.8 mm |
Mar | 27°C | 17°C | 15.2 mm |
Apr | 32°C | 21°C | 7.6 mm |
Mai | 38°C | 25°C | 2.5 mm |
Jun | 41°C | 27°C | 0.0 mm |
Jul | 41°C | 29°C | 0.0 mm |
Aug | 41°C | 29°C | 0.0 mm |
Sep | 38°C | 26°C | 0.0 mm |
Okt | 35°C | 23°C | 0.0 mm |
Nov | 29°C | 19°C | 2.5 mm |
Des | 24°C | 15°C | 12.7 mm |
Idrett
endreAl-Rayyan Sports Club har lag innan fleire idrettar som fotball, basketball, volleyball, handball og bordtennis. Klubben vart grunnlagd i 1967 og har vunne mange meisterskap innan desse idrettane. Al-Rayyan Sports Club held til i Ahmed bin Ali stadion. Stadionet har ein kapasitet på 21 282 tilskodarar og det er planlagt ei utviding til 44 740 tilskodarar for fotball-VM 2022.
Venskapsbyar
endreAl Rayyan er venskapsby med:
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Al Rayyan» frå Wikipedia på engelsk, den 20. november 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Census 2010». Qatar Statistics Authority. 2010. Arkivert frå originalen 9. juli 2010. Henta 9. november 2016.
- ↑ «Al Rayyan Municipality». Ministry of Municipality and Urban Planning. Henta 31. oktober 2016.
- ↑ [1]
- ↑ «Mogilev and Ar Rayyan signed an agreement of contact». 11. oktober 2010. Arkivert frå originalen 12. januar 2015. Henta 20. november 2016.