Dumeng Giovanoli
Dumeng Giovanoli (fødd 23. januar 1941) frå Sils im Engadin/Segl er ein sveitsisk, tidlegare skirennar.
Dumeng Giovanoli | |
Statsborgarskap | Sveits |
Fødd | 23. januar 1941 (83 år) Sils im Engadin/Segl |
Yrke | alpinist |
Høgd | 174 centimeter |
Giovanoli vann sin første siger i verdscupen 14. januar 1968 i slalåm i Wengen. Ei veke seinare gjekk han til topps i slalåmrennet i Kitzbühel, og han vann den sesongen slalåmcupen av verdscupen. Under OL 1968 i Grenoble hamna han utanfor sigerspallen, med fjerdeplass i slalåm som best. Derimot kom han på andreplass i den alpin kombinasjonen, den stod ikkje på OL-programmet men talde som VM-øving. Han tok ei bronsemedalje i storslalåm under VM 1970 i Gherdëina.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap
endre- 1964: Nr 13 i utfor under vinter-OL i Innsbruck
- 1966: Nr 8 i storslalåm i VM i alpint i Portillo
- 1968: Sølvmedalje i den alpine kombinasjonen i VM i alpint, nr 4 i slalåm og nr 7 i storslalåm under vinter-OL i Grenoble
- 1970: Bronsemedalje i storslalåm og nr i 6 i slalåm i VM i alpint i Gherdëina
Verdscupsigrar
endreDato | Stad | Land | Øving |
---|---|---|---|
14. januar 1968 | Wengen | Sveits | Slalåm |
21. januar 1968 | Kitzbühel | Austerrike | Slalåm |
21. mars 1969 | Waterville Valley | USA | Storslalåm |
17. januar 1970 | Kitzbühel | Austerrike | Slalåm |
20. januar 1970 | Kranjska Gora | Jugoslavia | Slalåm |
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Dumeng Giovanoli – Profil og resultatoversikt hos FIS
- Denne artikkelen bygger på «Dumeng Giovanoli» frå Wikipedia på tysk, den 18. februar 2012.