Dumoulin Islands er ei lita gruppe klipperike øyar nordaust i Archipel de Pointe Géologie, 2,5 nautiske mil (4,6 km) nord for Astrolabe Glacier Tongue. Den franske antarktisekspedisjonen under kaptein Jules Dumont d'Urville gjekk i land på ei av desse øyane, Rocher du Débarquement, den 22. januar 1840. Øyane vart grovt kartlagd av Australasian Antarctic Expedition, 1911–14, under Mawson, som kalla dei opp etter Clément Adrien Vincendon-Dumoulin, ein av dei franske geologane under den franske ekspedisjonen. Gruppa vart fotografert frå lufta av U.S. Navy Operation Highjump, 1946–47, og kartlagd på ny av Den franske antarktisekspedisjonen under André-Frank Liotard, 1949–51.[1]

Dumoulin Islands
øy
Land  Antarktis
Koordinatar 66°37′S 140°4′E / 66.617°S 140.067°E / -66.617; 140.067
Kart
Dumoulin Islands
66°37′00″S 140°04′01″E / 66.6167°S 140.067°E / -66.6167; 140.067
Dumoulin Islands is located in Antarktis
Dumoulin Islands (Antarktis)

Sjå òg endre

Kjelder endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Dumoulin Islands» (innhald frå Geographic Names Information System).