Archipel de Pointe Géologie

Archipel de Pointe Géologie ('Geologipunktøyane') er ei lita øygruppa med små øyar og skjer like nord for Cape Géodésie og Astrolabe Glacier Tongue, som strekkjer seg frå Helene Island i vest til Dumoulin Islands i aust. Den franske ekspedisjonen under kaptein Jules Dumont d'Urville gjekk i land Débarquement Rock i Dumoulin Islands den 22. januar 1840. Fordi dei samla inn steinprøvar, gav dei namnet «Pointe Géologie» til eit kjennemerke på kysten sør for Débarquement Rock. Øygruppa vart delvis skissert frå luftfoto teken av U.S. Navy Operation Highjump, 1946–47. Etter landmålingar av Den franske antarktisekspedisjonen i 1950–52 gav franskmennene øygruppa namnet «Archipel de Pointe Géologie».[1]

Archipel de Pointe Géologie
øygruppe
Land  Antarktis
Koordinatar 66°39′0″S 139°55′0″E / 66.65000°S 139.91667°E / -66.65000; 139.91667
Kart
Archipel de Pointe Géologie
66°39′00″S 139°55′01″E / 66.65°S 139.917°E / -66.65; 139.917
Archipel de Pointe Géologie is located in Antarktis
Archipel de Pointe Géologie (Antarktis)

I 1952 vart det bygt ein liten base på Île des Pétrels for å studere ein rugestad for keisarpingvinar. Denne basen vart kalla Base Marret. Då hovudbasen Port Martin vart øydelagd av brann natt til 23. januar 1952, vart Base Marret vald som overvintringsstad 1952-1953. Den nye hovudbasen, Dumont d'Urville Station, vart bygt på same øya, 62 km vest for Port Martin, og opna 12. januar 1956 som senter for fransk forsking i Det internasjonale geofysiske året 1957–58. Stasjonen har vore aktiv sidan den gong.

Kjelder endre

  1. «Géologie Archipelago». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 15. oktober 2012. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Géologie Archipelago» (innhald frå Geographic Names Information System).