Duvefjorden
Duvefjorden er ein fjord på nordsida av Nordaustlandet på Svalbard. Han strekkjer seg om lag 35 km sørover mellom Platenhalvøya i aust og Glenhalvøya i vest og er 12-13 km brei.
Fjorden har innløp mellom Kapp Platen i vest og Repøyane i aust. Vest for Platenhalvøya ligg Rijpfjorden og Nordenskiöldbukta.