Rijpfjorden er ein fjord på nordsida av NordaustlandetSvalbard. Han strekkjer seg 40 km sørover frå Nordenskjoldbukta og er opp mot 12 km brei.

Fjorden har innløp mellom Kapp Loven i vest og Kapp Wrede i aust. Kapp Wrede er eit nes på Platenhalvøya som dannar heile austsida av Platenhalvøya. Aust for Kapp Wrede ligg Zorgdragerfjorden.

Sidan fjorden berre er open i nord er han lite påverka av det varme vatnet frå Atlanterhavet som kjem opp langs vestsida av Spitsbergen. Fjorden er derfor dekt av tjukk is til ut i juni eller juli. [1]

Kjelder endre

  1. http://www.iceedge.no/study-area-1 Arkivert 2010-02-23 ved Wayback Machine. Rijpfjorden - a "true" Arctic fjord

80°10′N 22°04′E / 80.167°N 22.067°E / 80.167; 22.067