Dwarka (av sanskrit dwar, 'port' og ka, 'Brahma'[1]) er ein gammal by i den indiske delstaten Gujarat, og ein viktig stad i hinduismen. Byen ligg på vestkysten av Okhamandal-halvøya, ved munningen av Gomtielva i Kutchvika. I 2011 hadde han eit folketal på 38 873.

Dwarka
Land  India
Distrikt Devbhoomi Dwarka
Areal 177 km²
Folketal 38 873
Grunnlagd 600-talet
Kart
Dwarka
22°14′N 68°58′E / 22.23°N 68.97°E / 22.23; 68.97
Wikimedia Commons: Dwarka

Dwarka er eit av fire hinduiske valfartsmål kjend som tsjardham, og ein av Sapta Puri, sju viktige valfartsmål i India. Dwarka blir ofte identifisert med Dvārakā, riket som i mytologien blei styrt av Krisjna, og er rekna som den første hovudstaden til Gujarat.

Måleri frå ca. 1600 av Krishna sin by Dwarka.

Soge endre

Ifølgje soga skal guden Krisjna ha slått seg ned her etter at han nedkjempa og drap onkelen sin Kamsa i Mathura.[2] Han skal ha teke 12 yojana eller 96 km² land frå havet for å skapa Dwarka.[3]

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen som har med religion å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.