Opna hovudmenyen
Krisjnatempelet i Mathura.
Krisjnatempelet og elvetrapper.

Mathura er ein by i den indiske delstaten Uttar Pradesh. Han har 350 000 innbyggjarar,[1] og er administrasjonssenter i Mathura distrikt

Mathura ligg ved breidda av Yamuna, rundt 5 mil nordvest for Agra, og er eit veg- og jernbaneknutepunkt. Han er ein av sju heilage byar i India, og er rekna som fødestaden til guden Krisjna av hinduar. Det ligg ei rekkje tempel og badetrapper (ghat) her. Mathura er også ein handelsby for jordbruksprodukt og har noko industri, som oljeraffineriet Mathura Refinery, tekstil- og smykkeindustri.

HistorieEndra

 
Omleiringa av Mathura. Måleri frå 1769.

I antikken var Mathura hovudstad i Kushanriket, og han blei omalt som ein stor by av den greske geogafen Megasthenes på 200-talet f.Kr. Frå 100-talet var han eit viktig sentrum for buddhismen og djainismen, og mathura-skulen innan biletkunst blei utvikla her.

Byen blei storma og herja av Mahmud av Ghazni 1017–18, og ei rekkje gonger mellom 1500 og 1757. Han kom under britisk styre i 1804, og kjend under namnet Muttra.

Kultur og utdanningEndra

Mathura har fleire høgskular og universitet, som GLA University og Uttar Pradesh Pandit Deen Dayal Upadhyaya Veterinary University.

Government Museum i Mathura er eit viktig arkeologimuseum for Uttar Pradesh.

KjelderEndra

  1. 349 909 innbyggjarar ved folketeljinga i 2011, 456 706 med forstader. Office of The Registrar General & Census Commissioner, India; Census Digital Library, Table Series/Tabulations Plan of Census Year – 2011/Primary Census Abstract/Urban Agglomeration, oppgjeve i Svensk Wikipedia.
  • «Mathura», Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica, 2011.

BakgrunnsstoffEndra

  Denne geografiartikkelen som har med India å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.