Thaya
(Omdirigert frå Dyje)
Thaya (tsjekkisk Dyje) er ei elv i Sentral-Europa, og ei av sideelvane til Morava. Ho er om lag 285 km lang og snor seg frå vest til aust i grenseområdet mellom Niederösterreich i Austerrike og Sør-Mähren i Tsjekkia, men følgjer ikkje grensa heilt nøyaktig. Ho har sitt utspring frå to mindre elvar, kalla Tyske Thaya og Mähriske Thaya, i nærleiken av Raabs. Namnet tyder «kraftlaus».
Thaya | |||
elv | |||
Land | Austerrike, Tsjekkia | ||
---|---|---|---|
Lengd | 285 km | ||
Kjelde | Tyske Thaya og Mähriske Thaya | ||
Munning | Morava | ||
Thaya 48°50′52″N 15°29′25″E / 48.8478°N 15.4903°E | |||
Wikimedia Commons: Thaya |
I den øvre delen renn Thaya gjennom djupe juv, og passerer mange slott og chateau. I Mähren er det bygd fleire demningar på elva.
Det tsjekkiske namnet på elva er kalla opp etter den little landsbyen Dyje i Znojmo i Tsjekkia.
Byar og landsbyar ved Thaya:
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Thaya» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mars 2007.