Mähren

historisk land i Tsjekkisk Republikk

Mähren (tsjekkisk Morava, latin Moravia) er ein historisk region i Tsjekkia og Slovakia i Sentral-Europa. Det geografiske området i Tsjekkia er ikkje lenger ein administrativ eining. Saman med det historiske området Böhmen utgjer det staten Tsjekkia, som vart oppretta i 1993. Den historiske hovudstaden i regionen er Brno (Brünn). Regionen er kalla opp etter elva Morava (mars) og slaviske stammer slo seg ned her ein gong etter år 500.

Mähren
region
Flagg
Symbol
Land  Tsjekkia
Kart
Mähren
49°30′ N 17°0′ E
Kart som viser noverande provinsar i Tsjekkia, med det historiske Mähren avmerkt i grønt
Kart som viser noverande provinsar i Tsjekkia, med det historiske Mähren avmerkt i grønt
Kart som viser noverande provinsar i Tsjekkia, med det historiske Mähren avmerkt i grønt
Wikimedia Commons: Moravia

Stor-Mähren var eit slavisk kongedøme som omfatta dagens Mähren og Slovakia mellom 833 og byrjinga av 900-talet. Riket vart etter kvart svekka og ungararane, som kom frå Asia, øydela det i 907. Den vestlege delen vart annektert av kongeriket Böhmen i 955, tatt over av Polen i 999 og til slutt ein del av Böhmen i 1019. Folkesetnaden vart stort sett tsjekkifisert på 1800-talet.

Den austlege delen, det som i dag er Slovakia, vart i sør erobra av ungararane på 920-talet, og i 1000 eller 1001 vart heile dagens Slovakia overteke av Polen under Boleslaw I. Polen sitt styre tok slutt i 1025 eller 1029, og i 1030 vart den sørlege halvdelen igjen teke av ungararane som styrte området fram til slutten av 1300-talet. Mähren var seinare ein del av keisarriket Austerrike-Ungarn. Etter den første verdskrigen gjekk Austerrike-Ungarn i oppløysing og Mähren vart ein del av Tsjekkoslovakia. Under den andre verdskrigen var Mähren ein del av det tyske protektoratet Böhmen-Mähren. Etter oppløysinga av Tsjekkoslovakia i 1993, var det tilløp til separatisme i Mähren. Det viste seg derimot snart at entusiasmen for å opprette eit sjølvstendig Mähren var heller laber.

Dialektane i Mähren (moravisk) er rekna som overgangsformer mellom tsjekkisk og slovakisk.

Kjende personar frå Mähren endre