Dylle
planteslekt
Dylle er ei planteslekt i korgplantefamilien. Dyllene er store plantar med kvit mjølkesaft. Dei har innhol stengel som inneheld ei mjølkeaktig plantesaf, blanke kålgrøne blad som går kring stengelen, og gule korger i halvskjerm. Fruktene har kvit fnokk.
Dylle | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
Familie: | Korgplantefamilien Asteraceae |
Underfamilie: | Cichorioideae |
Stamme: | Cichorieae |
Slekt: | Dylle Sonchus L., 1753 |
Plantane i slekta kan etast. Unge blad kan etast råe har ein smak som kan minna om salat, medan andre blad kan brukast som spinatvekst. Dylle er mellom anna ein tradisjonell matplante på New Zealand, der han er kjend som puha, rareke eller raraki. Mange stader er likevel dylle rekna som ugras.
I Noreg veks fem artar av dylle.
Norske artar i dylleslekta
endreKjelder
endre- Dansk Wikipedia.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- «Sow-Thistles», A Modern Herbal, Botanical.com
- Delar av denne artikkelen bygger på «Sonchus» frå Wikipedia på engelsk, den 1. september 2014.