EHF-meisterligaen i handball 2022/Menn
Meisterligaen i handball 2022 for menn var ei turnering arrangert av Europas handballforbund (EHF) som tok til med spel i to grupper à seks lag. Dei 2 beste laga i gruppene gjekk rett til kvartfinalar, lag nummer 3-6 i gruppene måtte gjennom doble utslagskampar før dei kunne kvalifisere seg til kvartfinalane. Vinnarane av kvartfinalane møttest til finalespel i Köln helga 18. og 19. juni.
Finalespelet
endre- KS Kielce – Veszprém KC 37–35
- FC Barcelona – THW Kiel 34–30
Bronsefinalen
endre- THW Kiel – Veszprém KC 37–35 etter ekstraomgangar og straffeskyting
Finalen
endre- FC Barcelona – KS Kielce 37–35 etter ekstraomgangar og straffeskyting
Barcelona leia 14–13 ved pause. Etter 60 minutt stod det 32–32 og ekstraomgangane skåra laga kvar sine mål til 34–34. Kielce mislukkast i to straffar, så pokalen gjekk til FC Barcelona.
FC Barcelona stilte med, mellom andre, målvakta Gonzalo Pérez de Vargas og målskårarane Aleix Gómez (10), Dika Mem (6), Timothey N’Guessan (4), Aitor Ariño (3), Ángel Fernández Pérez (3), Melvyn Richardson (3), Ludovic Fabregas (2), Ali Zeinelabedin (2), Blaž Janc (1), Thiagus Petrus (1), Domen Makuc (1) og Haniel Langaro (1).
Arkadiusz Moryto var mestskårande for Kielce med sine 6 mål.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «EHF Champions League 2021/22» frå Wikipedia på tysk, den 17. oktober 2022.