East Neuk Festival

East Neuk Festival er ein årleg musikkfestival som går føre seg over fem dagar rundt 1. juli i området kjent som East Neuk i Fife i Skottlandt.

Inuksuit opptrer i Cambo Gardens ved ENF 2013
Framsyning av Lost at Sea, the Big Project 2018
Tony George under øving for De Profundis ved ENF 2017
RPS Award for Audience Development 2017

Festivalen blei skipa i 2004 etter idear frå Donald og Louise MacDonald og den fyrste kunstnariske leiaren Svend McEwan-Brown.

Det blir halde konsertar på fleire ulike stader, mellom anna i kyrkjer i landsbyar som St Monans, Crail, Kilconquhar, Kilrenny og Cellardyke i tillegg til uvanlege stader som bunkeren frå den kalden krigen, den såkalla Secret Bunker i Anstruther, hagar, holer, dalar, lokale attraksjonar og The Bowhouse, eit senter for matproduksjon og promotering av Balcaskie Estate som blir gjort om til ein framsyningsstad i høve festivalen.

Musikarar og ensemble kjem saman i residensar under praktisk talt heile festivalen, og speler standar kammermusikk-repertoar i tillegg til nye bestillingsverk, samtidsverk, jazz og verdsmusikk. Historieforteljing, poesi, litteratur, utstillingar, filmar og andre kunst- og installasjonsprosjekt høyrer også til festivalen.

Musikarar og grupper som har vitja festivalen fleire gonger er mellom anna Scottish Chamber Orchestra, dirigenten og pianisten Christian Zacharias, Belcea Quartet, Pavel Haas Quartet, Castalian Quartet, Leipzig String Quartet, The Tallis Scholars og pianistane Elisabeth Leonskaja og Llŷr Williams.

Prisar endre

East Neuk Festival har vunne Royal Philharmonic Society sin pris for Audience Development to gonger, i 2007 og i 2017.[1] I 2019 vann han Scottish Awards for New Music for prosjektet sitt Lost at Sea.[2]

Kjelder endre

  1. «Audiences and Engagement: Past Winners». Royal Philharmonic Society. Arkivert frå originalen 27. oktober 2021. Henta 8. august 2022. 
  2. «Scottish Awards for New Music 2019». May 14, 2019. Arkivert frå originalen 11. august 2020. Henta 8. august 2022. 

Bakgrunnsstoff endre