Fife
Fife (låglandsskotsk Cooncil o Fife, skotsk-gælisk Siorrachd Fìobha) er ein region i Skottland, som ligg mellom Firth of Tay og Firth of Forth. Dei indre områda grensar til Perth and Kinross og Clackmannanshire. Han var opphavleg eit av kongedøma til piktarane, kalla Fib, og vert ofte framleis omtalt som Kongedømet Fife i Skottland.
Fife Fìobh | |
---|---|
Geografi | |
Areal |
1 325 km² |
Administrasjonsstad |
Glenrothes |
Demografi | |
Folketal - Totalt (2008) - Folketettleik |
361 900 273,1 /km² |
Det er eit statthaldarskap og var eit grevskap fram til 1975. Det vert stundom kalla Fifeshire i eldre dokument og kart teikna av engelske kartografar og forfattarar. Ein person frå Fife vert kalla ein fifer.
Fife var ein region delt inn i tre distrikt, Dunfermline, Kirkcaldy og North-East Fife. Sidan 1996 har distriktsstyra vorte avskaffa og overtatt av eit sameint regionsråd.
Fife er den tredje største regionen i Skottland ut frå folketal. Det har kring 360 000 innbyggjarar, og ein tredjedel av desse bur i dei tre største byane Dunfermline, Kirkcaldy og Glenrothes. Kirkcaldy er den største byen i Fife med rundt 50 000 innbyggjarar.
Den historiske byen St. Andrews ligg på austkysten av Fife. Han er kjend for eit av dei eldste universiteta i Europa og som opphavsstaden for golf.
BakgrunnsstoffEndra
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Fife» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2009.