Crail
Crail er ein by i regionen Fife i Skottland. Han har kring 1500 innbyggjarar. Han ligg ved ei naturleg hamn, der ein kan finne forsteina tre frå karbontida.
Crail | ||
---|---|---|
Hamna i Crail | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | Skottland | |
Region | Fife | |
Tradisjonelt grevskap | Fife | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
1 730 | |
Koordinatar | 56°16′N 2°38′W / 56.267°N 2.633°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | KY10 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1333 | |
Kyrkja til byen er frå 1100-talet. Det er òg eit museum og eit pottemakeri der. Golfklubben Crail Golfing Society er den sjuande eldste i verda.
-
Crail hamn
-
Hus ved hamna
-
Hamna
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Crail» frå Wikipedia på bokmål, den 2. november 2011.