East Sussex
East Sussex er eit grevskap søraust i England. Det grensar til grevskapa Kent, Surrey, Brighton and Hove og West Sussex og i sør til Den engelske kanalen. Det seremonielle grevskapet har kring 770 000 innbyggjarar.
East Sussex | |
---|---|
![]() | |
Geografi | |
Status | Seremonielt grevskap og ikkje-metropolitansk |
Opphav | Historisk |
Region | Søraust-England |
Areal | 1 792 km² |
Demografi | |
Folketal - Totalt (2008) - Folketettleik |
766 400 427,7 /km² |
Etnisitet | 86,3 % kvite 8,3% sørasiatiske 2,9% svarte |
Distrikt | |
![]() |
Historie endre
East Sussex var ein del av det gamle kongedømet til sørsaksarane, som slo seg ned der på 400-talet, etter at romarane forlet området. Området hadde derimot vore busett i mange tusen år før den tid. Det finst mange arkeologiske funn, særleg i dei høgareliggande områda, både frå romarane og normannarane. Tidleg industriverksemd i området var basert på fiske, jernproduksjon og ullhandel.
Bakgrunnsstoff endre
Reiseguide for East Sussex frå Wikivoyage
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «East Sussex» frå Wikipedia på engelsk, den 17. november 2009.