Eastleigh
Eastleigh er ein jernbaneby i Hampshire i England, og det administrative senteret i Eastleigh som er ein del av Southampton storbyområde. Byen ligg mellom Southampton og Winchester, og er ein del av South Hampshire storbyområde. Distriktet Eastleigh strekkjer seg frå Netley ved breidda av Southampton Water, dei historiske elvelandsbyane Hamble-le-Rice, Bursledon og Botley, utviklingsområda i Hedge End, West End, Fair Oak & Bishopstoke og det grøne bustadbeltet Chandler's Ford og Boyatt Wood. Det finst fleire føretak i Eastleigh, mellom anna ein fabrikk for Prysmian Cables & Systems.
Eastleigh | ||
---|---|---|
The Point i Eastleigh | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Hampshire | |
Distrikt | Eastleigh | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2007) |
54 868 | |
Koordinatar | 50°58′N 1°21′W / 50.967°N 1.350°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | SO50 | |
Telefon-retningsnummer | 023 | |
Nettstad: www.eastleigh.gov.uk | ||
Byen ligg ved elva Itchen, ei av dei beste elvane i England for flogefiske med status som Site of Special Scientific Interest.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Eastleigh» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juli 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Hampshire and Isle of Wight Wildlife Trust (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 24. august 2009, henta 14. juli 2011