Ecaterina Szabó
Ecaterina Szabó (fødd 22. januar 1968) er ein rumensk tidlegare turnar frå Zagon som vann fire gullmedaljar under Sommar-OL 1984, to VM-gull og like mange EM-gull.
Ecaterina Szabó | |
Statsborgarskap | Romania |
Fødd | 22. januar 1968 (56 år) Zagon |
Idrett | turn |
Tok del i | gymnastics at the 1984 Summer Olympics – women's artistic individual all-around, gymnastics at the 1984 Summer Olympics – women's balance beam, gymnastics at the 1984 Summer Olympics – women's floor, gymnastics at the 1984 Summer Olympics – women's vault |
Utmerkingar | ridder av Den nasjonale fortjenstorden |
Åra 1983 til 1987 sanka Szabó ti medaljar i tre ulike verdsmeisterskap og fem medaljar i to europameisterskap. Ved dei olympiske sommarleikane 1984 i Los Angeles vann ho øvingane bom, frittståande og hopp. I tillegg tok ho gull med Romania i lagtevlinga og sølv i mangekampen. I 1983 vart ho både europa- og verdsmeister i frittståande og europameister i skranke. Til saman tok Szabó 20 medaljar i ulike internasjonale meisterskap og olympiske leikar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ecaterina Szabo» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2024.
- «Ecaterina Szabo» (på engelsk). Olympedia.org. Henta 17. april 2024.