Edderkoppsilke er ein silkeliknande, klebrig tråd som mellom anna blir produsert av edderkoppar. Han blir laga inni kroppen til edderkoppen, der han er flytande, og blir herda til silke så snart han kjem i kontakt med luft. Edderkoppsilke er eit av dei sterkaste og seigaste stoffa ein kjenner til, og består av lange proteinmolekyl. Fleire artar av edderkoppar lagar nett av han, mellom anna for å fanga mat. Materialet er lettare enn bomull, men per vekteining er det sterkare enn stål.

Krossedderkopp som spinn eit nett.
Mange edderkoppar lagar fangstnett av edderkoppsilke.

Forskarar har freista å kopiera dette materialet som edderkoppar framstiller heilt naturleg.[1] Dei har studert silken som blir laga av hjulspinnarar, ein familie av edderkoppar. Det har vist seg at edderkoppane kan spinna ulike kvalitetar av silke. Forankringstråden, eller linesilken, er den sterkaste av dei sju typane desse edderkoppane kan spinna, og nettopp denne kvaliteten har vore gjenstand for størst merksemd frå forskarar. Han er sterkare, meir elastisk og meir vassavstøytande enn fibrar frå silkeormar, som er det silkeslaget ein brukar til produksjon av klede. Produksjon av kunstfiber, som kevlar, krev høge temperaturar og bruk av organiske løysingsmiddel. Edderkoppar lagar silketråden sin i vanleg romtemperatur og bruker vatn som løysingsmiddel, likevel er han både sterkare og meir elastisk enn kevlar.

Forskarar er fascinerte av styrken og elastisiteten til linesilken, og derfor har ein søkt å utnytta denne eigenskapen på ei rekke område, frå materiale i skotsikre vestar til festekablar for hengebru.[2] Det har vist seg å vera vanskeleg å laga linesilke kunstig. Vitskapen forstår enno ikkje prosessen fullt ut.[3]

Kjelder endre

  1. biologen Cheryl Y. Hayashi ifølge tidsskriftet Chemical & Engineering News
  2. Aimee Cunningham i tidsskriftet Science News
  3. år 2010