Kunstfiber er syntetiske tekstilfiber framstilte av olje eller cellulose. Fiber framstilt av mineral eller metall vert òg oftast klassifiserte som kunstfiber.

Mikroskopbilde av kunststoffet mikrofiber.
Stoff av aramidfiber.

Kunstfiber vert delte inn i fire hovudgrupper:

  • Regenererte fiber; naturleg forekommande polymer som vert oppløyste og sett saman til nye fiber utan at den kjemiske samansetninga vert endra. Hit høyrer t.d. viskose, modal, kupro og lyocell.
  • Derivatfiber framstilt av naturleg forekommande polymer som under framstillingsprosessen gjennomgår ein kjemisk reaksjon slik at den kjemiske samansetninga av polymerane vert endra. Hit høyrer acetat og triacetat.
  • Syntetiske fiber framstilt av enkle kjemiske sambindingar som reagerer med kvarandre og dannar lange trådforma makromolekyl. Hit høyrer t.d. polyamid, polyester og akryl.
  • Mineralfiber og metallfiber framstilt av uorganiske stoff, som ulike metall eller mineral. Hit høyrer t.d. steinull og glassfiber.

Historie endre

Dei første tekstile kunstfibera vart framstilte på 1800-talet.

Sjå òg endre

Kjelder endre