Eddy i væskedynamikk

(Omdirigert frå Eddystraum)

Ein eddy er ein virvel i ei væske og den motsette straumen som oppstår når væske renn forbi ei hindring. Like bak hindringa, nedstraums, vil ikkje væska vere i rørsle, så væska når væska passerer hindringa, vil ho strøyme inn i tomrommet skapt av virvelen på kvar side av hindringa, etterfølgd av ein reversert væskestraum bak hindringa som renn på framsida, mot bakenden av hindringa. Dette fenomenet er mest synleg bak store steinar i elvar.

Nedstraums hindringar, i dette tilfellet Madeira og Kanariøyane, skapar eddyar turbulente mønster kalla virvelgater.
Når to straumar møtes (her Oyashio- og Kuroshiostraumen), skapar dei eddyar. Planteplankton vert konsentrert langs grensene til desse eddyane og gjer det mogeleg å sjå vassrørsla.

Ein anna type turbulens er virvelen. Eddyar i gassar, som har dei same eigenskapane som gassar, vert som regel kalla virvlar. For virvlar vert det ikkje laga noko tomrom, men berre eit område med lågare trykk, men igjen ein tilbakestraum som får gassen til å rotere.

Sjå òg endre

Kjelder endre