Ediktet i Nantes (Det nantiske ediktet) var eit lovpåbod utskrive av kong Henrik IV av Frankrike i Nantes den 13. april 1598.

Ediktet i Nantes, april 1598.

Ediktet gjorde kjent at dei franske hugenottanee hadde vern mot overgrep og undertrykking, og gjorde samstundes katolisismen til statsreligion i Frankrike. Kongen hadde sjølv vore protestant, men for å bli anerkjent som konge av Frankrike hadde han konvertert til katolisismen. Utsegna «Paris er ei messe verd», skal Henrik ha sagt ved det høvet.

I følgje ediktet fekk hugenottane rett til å halde gudstenester visse stader, og som ein garanti for at rettane deira skulle respekterast fekk dei halde kring hundre befesta tryggleiksstader. Hugenottane fekk òg rett til å inneha embete. Ediktet vart oppheva i 1685 under Ludvig XIV av Frankrike med ediktet i Fontainebleau og førte til auka fiendskap og bortdriving av hugenottane.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre