Ediktet i Fontainebleau
Ediktet i Fontainebleau (oktober 1685) var eit edikt gjeven ut av Ludvig XIV av Frankrike, òg kjend som tilbakekallinga av ediktet i Nantes. Ediktet i Nantes av 1598, hadde gjeve hugenottane rett til å praktisere religionen sin utan fare for å verte forfølgd av staten. Sjølv om protestantane hadde mista sjølvstendet sitt på tilfluktsstader under Richelieu, kunne dei leve relativt trygt. Frå starten var religiøs toleranse i Frankrike ei kongeleg sak, og ikkje ei folkesak.[1] At ikkje alle tilslutta seg til hans religion, passa dårleg inn med synet til Ludvig XIV om eit perfekt einevelde. Etter å ha fått alt anna som han ville mislikte Ludvig XIV sterkt at det var kjettarar blant undersåttane sine.[2]
Med ediktet i Fontainebleau kalla Ludvig XIV attende ediktet i Nantes og gav ordre om å øydeleggje kyrkjene til hugenottane, samt stenge alle protestantiske skular i landet. Dette forsterka den offisielle forfølginga av hugenottane, som alt hadde eksistert sidan dragonnaden vart skapt i 1681 for å skremme hugenottane til å konvertere til katolisismen. Dei neste tjue åra forlet derfor mange protestantar landet, estimata varierer frå 210 000 til 900 000. Dei søkte tilflukt i England, Dei sameinte Nederlanda, Sverige, Sveits, Brandenburg-Preussen, Danmark, Det tysk-romerske riket, Sør-Afrika og Nord-Amerika.[3]
Effektane av ediktet
endreI praksis førte tilbakekallinga til at Frankrike opplevde ein tidleg ekspertflukt, sidan mange dugande handverkarar rømde landet, inkludert designerar som Daniel Marot. Hugenottane tok med seg kunnskapen sin, som hadde stor effekt på kvaliteten til silke, speglglas, sølvsmedarbeid, urmaking og møbelsnekkararbeid i område dei flytta til.
Somme herskarar, som Fredrik Wilhelm, hertug av Preussen og kurfyrste av Brandenburg, som gav ut ediktet i Potsdam seint i oktober 1685, oppfordra protestantane til å søke tilflukta i områda hans.
Kjende hugenottar som forlet Frankrike
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Edict of Fontainebleau» frå Wikipedia på engelsk, den 17. januar 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ "The fate of Catholics at the hands of a triumphant Parliament in England suggests that the Protestants in France would have been no better off under more popular institutions," observed R.R. Palmer, A History of the Modern World, rev. ed. 1956:164.
- ↑ Palmer, eo. loc.
- ↑ Spielvogel, Western Civilization — Volume II: Since 1500 (5th Edition, 2003) s.410
Bakgrunnsstoff
endre- Tilbakekallinga av ediktet i Nantes Arkivert 2012-01-11 ved Wayback Machine.