Edith Carrington
Edith Carrington (1853–1929) var ein engelsk forkjempar for dyrerettar og vegetarianisme. Ho verka ein del som kunstnar, men byrja å skriva bøker om dyr frå 1889. Ho var ein tydeleg motstandar mot Eleanor Anne Ormerod sin kampanje for å utrydda gråsporven, og var imot viviseksjon.[1]
Edith Carrington | |
Fødd | 1853 Bath |
Død |
1929 (76 år) |
Yrke | dyrerettsforkjempar, skribent |
Liv og virke
endreCarrington var fødd i Swainswick i Bath i Somerset som dotter av Henry Edmund Carrington og Emily Heywood Johns (1814–1890). Familien var velståande, og ho blei påverka av Charles Kingsley, som introduserte henne til å studera naturhistorie. Ho valde å via seg til vern a dyr, eller «God's beautiful and sinless mute creatures.» Ho skreiv jamleg i The Animals' Friend (skipa i 1894) og samarbeidde med aktivisten Henry Stephens Salt. Ho var aktiv i Humanitarian League, som Salt skipa i 1891.[2][3]
Carrington skreiv si fyrste bok Stories for Somebody då ho var trettifem. Ho skreiv seinar ei rekkje dyresoger for barn. Carrington var redaktør for serien Animal Life Readers saman med Ernest Bell, med illustrasjonar av Harrison Weir og andre. Ho dreiv også barnebladet Our Animal Brothers.
Utgjevingar i utval
endre- Workers Without Wage (1893)
- The Farmer and the Birds (1898)
- Spare the Sparrow (1897)
- Man's Helpers (1897)
- Wonderful Tools (1897)
- Nobody's Business (1891)
- Stories for Somebody
- Flower Folk
- Friendship of Animals
- Ten Tales Without a Title
- Bread and Butter Stories
- Appeals on behalf of the Speechless: A Series of Tracts
- The Extermination of Birds
- A Narrow, Narrow World
- A Story of Wings
- Five Stars in a Little Pool
- The Dog: His Rights and Wrongs
- The Cat: Her Place in Society and Treatment
- Animals in the Wrong Place
- Anecdotes of Horses
- The Ass, his Welfare, Wants, and Woes
- Ages Ago
- Mrs Trimmer's History of the Robins and Keeper's Travels (1895)
- From Many Lands (1895)
- Dick and His Cat (1895)
Kjelder
endre- ↑ Salt, Henry S. (1. november 1896). «Edith Carrington's Writings». Vegetarian Review.
- ↑ Clark, J. F. M. (1992). «Eleanor Ormerod (1828–1901) as an economic entomologist: "pioneer of purity even more than of Paris Green."». The British Journal for the History of Science 25 (4): 431–451. doi:10.1017/s0007087400029599.
- ↑ Edith Carrington (1894). Miss Edith Carrington: Portrait and Autobiography. The Animals' Friend (August), 1:24.
- Denne artikkelen bygger på «Edith Carrington» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2022.